Bergen HIL open,Malmø Open og Italia open

Me har vore på tre turneringar i februar, her kjem ein oppsummering
Bergen HIL open vart arrangert i Stemmemyrhallen laurdag 14. februar, våre 4 deltakarar hevda seg godt med disse resultata:
Roger Andersson vant både herrar elite og herrar veteran. Nils Arne Stuve gjekk heilt til topps i herrar E etter overbevisande spel. Jan Roger Andedersson tok ein sterk andreplass i herrar B. Dag Hinrichsen tok tredjeplassar i herrar veteran, herrar B og herrar C.
Malmø open for funksjonshemma hadde 40 års jubileum, noko som bl.a. vart markert med at det var stort bilde av Tommy Urhaug på arrangøren sitt hovedhotell. Også resultatmessig gjekk da veldig bra for Tommy og Steffen Salomonsen.

Fredag gjekk Tommy Urhaug saman med Sebastian Vegsund frå Skodje heilt til topp i i dobbelklassen for rullestol. I finalen vart det siger 11-7,11-6,11-6 mot Philip Brooks/David Olsson frå Malmø.
Laurdag var det klart for ny Steffen Salomonsen som tok gull i juniorklassen. Det blei ein hard finale mot landsmannen Fredrik Johansen. Steffen låg under med 1-2 i sett, men kom sterkt tilbake og vant 3-2 og 11-7 i 5. sett.
Sundag var det klart for ny siger til Tommy Urhaug i sitjande klasse 5 der Tommy vant enkelt 3-0 over Magnus Norgren frå Sverige.
Steffen Salomonsen måtte gje tapt i kvartfinalen i ståande klasse 8.
Alt i alt ei svært god helg for Stord BTK sine to spelarar.


Deretter gjekk turen til Italia og Lignano Master open for Steffen og Tommy, først i veka var det juniorklassar og deretter seniorklassar.
Me fekk ein plassering, den kom ved Tommy Urhaug som saman med Jack Hunter Spivwy, Storbritannia tok sølv i lagklassen for sitjande kl. 5. Tommy var litt småsjuk under singleturneringa og tapte to kampar og dermed utslegen i pulja.
Oppdatert : 21.02.2016

Øvrige nyheter

Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM
Treningstider oppdatert
Resultat Stord Cup 2020
Stord Cup laurdag 10. oktober
Årsmøte i Stord BTK
Regionsmeisterskap 6. og 7. juni
Årsmøte måndag 11. mai kl.20.00
UTSATT Årsmøte måndag 30. mars, UTSATT
Resultat veteran VM og KM
Støtte frå Sparebanken Vest
Resultat Stord Cup 2019
Regionsmeisterskap 2019
3. del av trekking regionsmeisterskap
2. del av trekking regionsmeisterskap
Regionsmeisterskap 2019
Regionsmeisterskap laurdag 25. mai
Årsmøte mandag 18. mars 21.00
Veteran VM og KM arrangert laurdag 22. desember
Resultat klubbmeisterskap
Veteran VM og KM 22. desember
Resultat Stord Cup

 



www.stordbtk.no © 2002