Årsmøte i Stord BTK

Styret for 2020:

Leiar: Atle Irgens (ikkje på valg i år)
Nestleiar: Kristian Magnussen (2 år)
Styremedlem: Ove Sandnes (ikkje på valg i år)
Styremedlem: Thomas Irgens (ikkje på valg i år)
Styremedlem: Erik Andren (2 år)

Varamedlem: Nils Arne Stuve
Varamedlem: Vidar Gjellestad

Kontrollutvalg: Jeanette Magnussen
Kontrollutvalg: Ole Morten Lie

Varamedlem kontrollutvalg: Roy Høyland

Rekneskapet viste eit overskot på ca. kr 30.000,-

Årsmelding Stord Bordtennisklubb 2019 inkludert 2019/2020.

Me har dei siste år hatt årsmelding årviss, det er mykje betre for oss å ha årsmelding sesongvis ellers kjem veldig mykje av aktiviteten på årsmelging veldig seint. I år blir det difor ein overgansperiode der ha har årsmelding for heile 2019 samt for 2019/2020. Til årsmøte i 2021 er me tilbake i den rytmen me ønskjer då kjem årsmeling 2020/2021. Egentlig skulle me også hatt rekneskap sesongvis sånn som me hadde for ein del år sidan for det gjenspeilar aktivitet/økonomi på ein korrekt måte. Diverre så er ikkje det lov lengre.

Me har arrangert følgjande stevner 2019:

Stord Cup, Regionsmeisterskap, Region Vest Cup, KM/VM for veteranar.

Sportsleg:

Seriespel sesongen 2018/2019

Stord blei nr 5 i eliteserien, på laget spelte Erik Åhman, Carl Ahlander Johansson, Geir Erlandsen, Andreas Ljones, Roy Høyland, Kristoffer Hellerud, Marcus Wærstad, Nora Bagner Nilsen, Jørn Martinsen, Kjell Stordal, Atle Irgens.

Stord 2 vant 3. divisjon, på laget spelte Thomas Irgens, Erik Andrén, Dag Hinrichsen, Tommy Urhaug, Atle Irgens, Morten Stokke, Nils Arne Stuve.
Stord 3 vant 4. divisjon, på laget spelte Nils Arne Stuve, Jarle Hatlevik, Ingvar Rafdal, Atle Nerland, Wojciech Szramowski, Jørn Martinsen
Stord 4 blei nr 3 i 4. divisjon, på laget spelte Kristoffer Lien Aasheim, Per Vilhelm Irgens, Kristian Magnussen, Atle Irgens, Krizander Magnussen, Mathias Bostrøm.

Seriespel 2019/2020

Me satsa ekstra hardt i årets eliteserie, der me henta fleire gode svenske spelarar, deriblant den svenske comingman Truls Möregårdh. Me satsa også på bra arrangement på våre heimakampar og det kom godt med publikum.
Stord blei nr 2 i grunnserien i eliteserien, i semifinalen vant me 5-4 mot Hardanger, så kom koronaviruset og stoppa all idrett. På lager i år har disse spelt: Magnus Molin, Carl Ahlander Johansson, Kristoffer Hellerud, Truls Möregårdh, Kim Nylander, Marcus Wærstad, Roy Høyland, Andreas Ljones, Erik Andrén. I semifinalen mot Hardanger spelte også Georg Selsvold på laget.

Stord 2 blei nr 2 i 2. divisjon, på laget spelte: Roy Høyland, Georg Selsvold, Thomas Irgens, Erik Andrén, Erik Berge Saue, Morten Stokke, Jørn Martinsen.
Stord 3 blei nr 6 i 3. divisjon, på laget spelte: Atle Irgens, Kristoffer Lien Aasheim, Erik Andrén, Kristian Magnussen, Krizander Magnussen, Nils Arne Stuve, Erik Berge Saue, Morten Kleven, Jarle Hatlevik.
4. divisjon blei ikkje ferdigspelt på grunn av koronaviruset, tabellen blei då ståande som den var med litt ulikt spelt kampar.
Stord 5 blei nr 3, på laget spelte: Kristoffer Lien Aasheim, Krizander Magnussen, Kristian Magnussen, Ole Morten Lie, Ingvar Rafdal, Mia Lygre
Stord 4 blei nr 5, på laget spelte: Erik Andrén, Atle Nerland, Marius Salomonsen, Nils Arne Stuve, Torbjørn Litlabø, Wojciech Szramowski, Sondre Moe Endresen.
NB ! Etter at årsmelding var skrive er me blitt seriemeister sesongen 2019/2020, det blei delt siger i lag med Laksevåg. Det skjedde etter mykje om og men der forbundet først utropa Laksevåg til vinnar åleina, me har jobba med klage etter klage før me endelig fekk gjennomslag for vårt syn. Diverre hadde me då allerede trukke laget for neste sesong sidan me ikkje fekk svar før fristen for å trekka lag utan å få bot gjekk ut. Me har fått plass i 1. divisjon for Stord 2 som vart nr 2 i 2.divisjon.




Internasjonalt 2019

Tommy Urhaug tok to flotte bronsemedaljar i EM i Sverige. Dei kom i singleklassen, samt i sitjande lag samen med Sebastian Vegsund, Skodje. Tommy har også mange andre gode internasjonale plasseringar i stevner. Krizander Magnussen fekk sin internasjonale debut i Malmø Open med to gode 1. plassar. Henholdsvis i nivåklasse 3 og i ungdomsklassen.

NM senior i Lørenskog 2019

Det blei eit veldig svakt NM for klubben. Me tok kun ein medalje og den kom i damer lag der Nora Bagner Nilsen og Sarah Horgen tok bronse.

NM senior i Stokke 2020

Gull i funk sitjande: Tommy Urhaug
Gull i mix dobbel: Sarah Horgen/Roger Andersson,Hardanger

Bronse i damer single: Nora Bagner Nilsen
Bronse i herrer lag: Geir Erlandsen, Marcus Wærstad, Kristoffer Hellerud, Atle Irgens
Bronse i damer lag: Nora Bagner Nilsen, Sarah Horgen
Bronse i herrer dobbel: Marcus Wærstad/Kristoffer Hellerud
Bronse i funk open dobbel: Tommy Urhaug/Kriander Magnussen

NM eldre junior i Oslo 2019

Bronse i damer eldre junior: Nora Bagner Nilsen
Bronse i damer eldre junior lag: Nora Bagner Nilsen, Sarah Horgen
Bronse i damer eldre junior dobbel: Nora Bagner Nilsen/Sarah Horgen

NM eldre junior på Harestua 2020

Sølv i damer eldre junior lag: Nora Bagner Nilsen, Sarah Horgen
Bronse i damer eldre junior: Sarah Horgen
Bronse i damer eldre junior dobbel: Nora Bagner Nilsen/Sarah Horgen
Bronse i mix eldre junior: Sarah Horgen/Thomas Låte, Hardanger

NM yngre i Oppegård 2019

Gull i funksjonshemma ståande: Krizander Magnussen
Gull i funksjonshemma open: Krizander Magnussen

NM veteranar i Bergen 2019

Gull i sitjande: Tommy Urhaug
Gull i ståande: Nils Arne Stuve
Gull i dobbel funk: Tommy Urhaug/Endre Furu, Hardanger
Gull i open funk: Tommy Urhaug
Sølv i open funk: Nils Arne Stuve
Sølv i dobbel funk: Nils Arne Stuve/Stig Mortensen, Laksevåg

Topp 8 2019

Damer eldre junior: 1. Nora Bagner Nilsen
Damer elite: 8. Sarah Horgen

Topp 8 2020 avlyst

NM yngre, NM junior og NM veteranar 2020 er avlyst på grunn av koronaviruset.

Rekruttering

Det har vore stabil rekruttering i klubben i 2019, nokre har slutta og nokre nye er komt til. Fleire av dei yngre har fått eit sportsleg løft og me ser fin framgong i heile gruppa. Kristian Magnussen og Atle Irgens har vore trenar.
Me gjennomførte Bordtennisskule for nye spelerar på hausten som gav litt rekruttering.

Økonomi

Me har kontroll på økonomien og har ein del pengar i reserve. Me har eit overskot på kr 30.000,- mot underskot kr 86000,- i 2018. Me treng likevel å redusera utgifter for 2020, då me reknar med mindre inntekter.

Medlemer

Pr.31/12-2019 har me 205 medlemer mot 191 medlemer 31/12-2018
Nokre vil automatisk forsvinna i 2019 pga regelen om kor lenge medlemer står før dei blir stroken. Målet i 2020 må vera at medlemstalet held seg nokolunde på same nivå.

Styret

Styret sesongen 2019 har bestått av:


Leiar: Atle Irgens
Nestleiar: Thor Gunnar Bjelland
Styremedlem: Ove Sandnes
Styremedlem: Thomas Irgens
Styremedlem: Morten Kleven

Varamedlem: Nils Arne Stuve
Varamedlem: Kristian Magnussen



Stord 17/4- 2020


Atle Irgens - leiar


Oppdatert : 20.05.2020

Øvrige nyheter

Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM
Treningstider oppdatert
Resultat Stord Cup 2020
Stord Cup laurdag 10. oktober
Årsmøte i Stord BTK
Regionsmeisterskap 6. og 7. juni
Årsmøte måndag 11. mai kl.20.00
UTSATT Årsmøte måndag 30. mars, UTSATT
Resultat veteran VM og KM
Støtte frå Sparebanken Vest
Resultat Stord Cup 2019
Regionsmeisterskap 2019
3. del av trekking regionsmeisterskap
2. del av trekking regionsmeisterskap
Regionsmeisterskap 2019
Regionsmeisterskap laurdag 25. mai
Årsmøte mandag 18. mars 21.00
Veteran VM og KM arrangert laurdag 22. desember
Resultat klubbmeisterskap
Veteran VM og KM 22. desember
Resultat Stord Cup

 



www.stordbtk.no © 2002