4 poeng til Stord i Norheimsund

Det blei to sigrar til Stord 2 i dagens 2.divisjons kampar i Norheimsund. Denne karen(bildet) spelte veldig godt og vant 3 av 4 single kampar i dag. Det blei dermed fin revansje for Stord 2 etter to overraskande tap sist mot disse laga. Mot Bergen Handicap blei det 6-4 siger. Hallvard og Thor Gunnar vant mot Thomas Sætre, medan begge var sjanselause mot Lill K. Wennberg i dag. Thor Gunnar og Torstein vant eine dobbel kampen mot Øystein Kolstad/Arild Rosnes. Ola Ingar vant mot Arild Rosnes, og dermed var det 4-4 før dei to siste kampane. Torstein vant greit mot Arild Rosnes, medan det blei ein rysare i siste kampen der Ola Ingar sleit i land 3-2 og 12-10 i 5.sett mot Stig Mortensen. Mot Laksevåg 2 blei det 9-1 siger, og kun eit arbeidsuhell der Thor Gunnar undervuderte Regina Stevens gjorde at det ikkje blei 10-0. Bra innsats av alle i dag går rapportane ut på.
Oppdatert : 11.12.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Veteran VM og KM arrangert laurdag 22. desember
Resultat klubbmeisterskap
Veteran VM og KM 22. desember
Resultat Stord Cup
Stord Cup 1. og 2. desember

www.stordbtk.no © 2002