Hallvard på en fin 3. plass i Gutter 13 år, Ängbys Internasjonale.

Det er ein meget sterk prestasjon av Hallvard å bli nr 3 i eit svensk Grand Prix stevne. Her kjem ein litt meir fyldig rapport:
Lag fredag: Hallvard og Johannes vann her 2 av 3 kampar, og vart nr 2 i pulja. Berre det beste laget gjekk vidare til semifinale. Ingen av spelarane kom skikkeleg i gang i den første kampen mot Askims, og me tapte 3-1. Hallvard slo likevel Andreas Kvist(semifinalist i G13 klassen på søndag). Estland i kamp 2 var ingen målestokk, lett 3-0 siger. Den beste kampen i lag kom mot Spårvägen, som har den mest talentfulle ungdomsgjengen i Sverige, samman med Byttorp. Her vann både Hallvard og Johannes begge mot Nicklas Sundell og Anders Erikson, ranka 14 og 16 i G14 i Sverige.



Laurdag: I G15 hadde Hallvard ei knallhard pulje, med William Swedberg(nr 3 i G13 i Sverige), Spårvägen, Jimmy Ojakangas(nr 4 i G15 i Sverige), Munkedal og Richard Magnasson, Malmø. Hallvard byrjar mot Swedberg og taper 3-0 etter å ha vore altfor passiv. Ojakangas er ein veldig bra spelar, som har slått mellom anna Eric Berner tidlegare i år. Hallvard er bra med spelemessig, men missar for mykje til å vinna. Magnasson er ein typisk forehandspelar med høg høgstenivå(ranka nr 10 i G14) som Hallvard bør slå, og det gjer han også, om han ikkje spelar så bra.

I G14 vinn Hallvard to innleiande kampar enkelt, og møter Patrik Dahlgren, Høganäs i 2.runde. Dahlgren er ein ballsikker spelar som tek mykje i forsvar, og Hallvard kjem ikkje i gang i denne kampen. På 0-2 og 2-5 i 3.sett tek Hallvard time-out, og då snur kampen seg. Hallvard vinn 3. og 4.sett, leiar 7-3 i 5., før ting går nedoverbakke. 2 direkte bom på serveretur, 3-4 miss på forehandloop, og 2 griseballar imot, sørgjer for det. Dumt, sidan G14-turneringa har eit GP-sluttspel seinare i år, der dei beste samanlagt får vera med. Hallvard har her ein 9.plass frå Växsjø frå før.



Sundag:

Hallvard var ikkje seeda i G13, og møter igjen Swedberg frå Spårvägen i pulja. Her plasserar Hallvard ballen mykje smartare enn dagen før mot vesle Swedberg, som må springa mykje, og Hallvard ”lar sin forehand tala”. Kontrollert 3-1 til Hallvard, sjølv om 10-6 og eigen serve vart til 10-10 i det 4.settet. Vidare møter Hallvard Christian Kill frå Luxemburg, ein sterk spelar. Begge spelarar spelar aggresivt, med bra forehand og backhandspel, der sigeren går til den som klarer å halda hovudet kaldast. Hallvard vender 7-8 i 5.sett til 11-8 etter time-out, og kan seia seg nøgd med å ha slått ein veldig bra spelar. I neste kamp ventar Simon Nilsson, Dänningelanda, som er nr 17 i G13 i Sverige. Hallvard tek servane til Simon bra, og vinn mykje på eigne servar, men fotarbeidet er for dårleg, og Hallvard må slita i land sigeren i ein kamp han burde kontrollert heile vegen. Pentti Olah frå Finland i kvarten har ein kanon-forehand og backhand-loop, men Hallvard er lurare, og vinn etter til dels veldig bra og lurt spel. I semien ventar Mattias Øversjø, Byttorp, den klart beste 13-åringen i Sverige. Mattias er utruleg sikker, og ryggar frå bordet for å stå på ballongen og fisken for eit godt ord. Hallvard er for tida for utålmodig og usikker til å slå han, og har eigentleg ikkje sjanse i denne kampen. Hallvard har likevel tidlegare spelt jamnt med Mattias under Safirs i februar.

I junior møter Hallvard Mattias Tvingby, Ärtemark, og spelar kanskje sin beste kamp for helga. Servereturane vert litt for dårlege til å vinna, men spelet er det ingenting å seia på. Hallvard viste i denne kampen at han har vorte mykje flinkare til å slå inn ballen! 2-3 tap etter 8-11 i det siste er bra.




Oppdatert : 21.11.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002