2.plass til Hallvard i dagens topp 12 for gutar 15 år region vest

Hallvard tapte ein jevn finale for Johannes Bratlie,Fjell med 2-3 i sett. Torstein(bildet) blei nr4,Asbjørn nr 9 og Thomas I. nr 11. Hallvard vant som venta pulja si greit, og også i semifinalen mot Kjell Erik Bakke,Heros gjekk det greit med 3-0 siger. I finalen låg han litt på etterskudd heile tida, men kjempa seg fram til eit 5.sett. Her tok Johannes leiing 5-1 før Hallvar reduserte til à 6, før Johannes til slutt vant 11-6. Torstein spelte opp mot sitt beste og vant mot alle andre i pulja bortsett frå Hallvard. Etter ein litt dårlig start i kvartfinalen mot Andreas Steinsvoll,Norheimsund kom han i gong med spelet sitt og vant 3-1. I semifinalen blei det som venta 0-3 tap for Johannes Bratlie. I kampen om 3. plassblei det 1-3 tap for Kjell Erik Bakke. Asbjørn spelte litt ujevnt i pulja, men vant mot Kristoffer Hesthammer 3-2 og 1-3 tap for Andreas Steinsvoll,Norheimsund og Steven Das Navi,Fjell. Eit pluss at han tok eit sett mot Johannes Bratlie. I sluttspelet blei det fyrst 3-2 mot Kristian Sørheim,Norheimsund før det vart knepent 2-3 tap for Tor Håkon Tvedt,Haugesund og knepen siger nok ein gong over Kristoffer Hesthammer. Thomas Irgens var svært nære på å gå vidare til A-sluttspel då han leda 9-6 i 5.sett mot Arild Rosnes,Bergen HIL og tapte 9-11. Også ha nspelte litt ujevnt i pulja, bra mot Rosnes og Torstein, og vant ein jevn kamp mot Kristian Sørheim, men litt meir passiv mot Tor Håkon Tvedt. I sluttspelet blei det 0-3 tap for Kristoffer Hesthammer og 3-1 mot Kristian Sørheim
Oppdatert : 05.09.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002