Sommarpraten i dag : Øyvind Fjell

Sommarpraten i dag :

1. Navn / Alder :
Øyvind Fjell, 25 år

2. Kvifor begynte du med bordtennis :
PG satte opp eit bord i kjellaren, og då Gorm Holmedal starta nybyrjargruppe på Rommetveit var eg seld.

3. Ditt største ønske for sommaren:
Få meg ein jobb.

4. Kva for andre idrettar driver du :
Ingen andre idrettar, men eg trener litt styrke og kondisjon innimellom.

5. Har du andre hobbyar :
Bordtennis er jo ikkje ein hobby, då, Atle. Film, musikk, litteratur og økonomi i tillegg til mykje anna som ikkje treng å stå her.

6. Kva er ditt favoritt måltid:
Tournados m/god rød drikett, evt. pinnekjøtt og det som høyrer med.

7. Kjekkaste du ser på TV :
Sopranos er heilt overlegent alt anna som er vist.

8. Har du ein god vits du vil fortelja oss:

Henta denne frå ”verdas morsomaste vits”-konkurransen:
Ein hund gjekk til telegrambyrået og skreiv ned følgjande melding for telegrafering:”Voff Voff Voff Voff Voff Voff Voff.” Telegrafisten såg nøye på meldinga før han høfleg forklarte: ”Det er berre 7 ord her – du kan senda to til for same prisen!” ”Men,” svara hunden, ”det ville jo ikkje gitt noko slags meining!”

9. Kven er din ønskemedspelar i double:
Eg har spela med mange store doublespelarar. Både TG og Jarle Hatlevik er vel godt over hundre kilo. Jarle kjem først pga servane(mindre jobb for meg).

10. Bordtennis forbilde :
JO-Waldner. I den seinare tid også Samsonov, Kreanga og Kong Linghui.

11. Nevn nye 2 spelarar du kunne tenkja deg spelte for Stord BTK :
(Realistisk): Øystein Bakke og Arne Marino Aarås, kanskje. (Urealistisk): Sjå over.

12. Kva fotball lag held du med:
Manchester United, om dei ikkje sel van Nistelrooy til fordel for Wayne Rooney.

13. Kva blir høydepunktet for deg komande sesong :
Mtp bordtennis, så må det vera om den nye hallen kan bli klar. EM i Århus kan vel fort bli eit høgdepunkt også, om eg reiser.

14.Kva tid trur du den nye bordtennishallen til Stord BTK er ferdig:
Jul 2005.

15. Største opplevelse siste sesong :
Ingen nevneverdige. Slo Hallvard med planke på ei trening.

16. Favoritt musikk :
Mykje forskjellig, td Led Zeppelin, Pink Floyd, David Bowie, Bob Dylan, Jan Garbarek, Keith Jarrett og til og med van der Graaf Generator.

17. Favoritt hall (trening / stevne) :
Haukelandshallen og den nye Stord idrettshall er begge utruleg bra dersom lyset er fullt.

18. Kven er verdens største idrettsutøvar uansett idrett etter di meining:
Er lett å gløyma folk her. Gjennom alle tider må det vel vera Waldner(bt) eller Maradona(fotball), trur eg. I idrettar for kjemper når også M. Jordan(basket) opp. Når det gjeld uthaldsidrettar har det vore mykje doping her, men Dæhlie og El Guerroj har vel alltid vore jamnt utruleg bra. Ballidrettar krev også kreativitet og ”feeling” i tillegg til det fysiske – set difor Waldner opp først. Det er vel inga bombe, akkurat.

19. 3 ønsker for kommande sesong :
- Stord BTK maktar å skapa eit treningsmiljø for eliteserielaget på Stord.
- Stord BTK maktar å laga eit sosialt miljø utanom kun trening og stemne for alle klubbmedlemmar.
- Stord får inn minst 40 nye spelarar i alderen 8-12 som verkeleg byrjar å spela!


20. Ellers noko du vil sei :
Ja, mykje. Har for tida litt fark pga bordtennisrådet, men det kan ein jo lesa om på forbundet sine sider. Ein avdeling i 1.divisjon og ikkje spela kampane heilt ut i eliteserien er jo sjølvsagte endringar! Elles håper eg at det ikkje er for lenge til Stord har minimum 2 eigenproduserte spelarar på eliteserielaget!

Oppdatert : 11.07.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002