Hallvard kan melda om at det er mange Europeiske yngre landslag som trenar saman med Norge i Barcelona. Turen ned gjekk fint, og dei hadde ei økt sundag, samt ein joggetur i djup sand. Etter det har det vore 2 økter kvar dag. Det har ikkje vore noko syden vær, men så er dei vel ikkje på solferie heller. Fredag startar Spanish Youth Open med nasjons lagkampar, og seinare er det single og double klassar laurdag og sundag Oppdatert : 06.05.2004