Eg var fornøgd med Nord Europeisk for veteranar !

5.plass i double 40-49 år saman med Harald Nilsen,Laksevåg, og vinnar av consulation(B-sluttspel) i single 45-49 år, og Atle(bildet) var stort sett fornøgd.
Det starta fredag med puljespel i single, Atle tapte 1 kamp for Ingvar Jønson,Sverige 8-11,5-11,6-11 Neste kamp mot Terje Strand,Sarpsborg blei svært jevn:11-9,11-9,8-11,8-11,10-12 etter dårlig spel. Siste kamp mot Harry Saar,Estland satt spelet og eg vant 11-8,12-10,5-11,11-8. Det blei så jevnt at det blei balltelling, og eg rauk ut med 5 ballar, bittert å vera så nerme frå å gå til A-sluttspelet. Laurdag var det fyrst doubleklasse 40-49 år, og Atle spelte saman med Harald Nilsen,Laksevåg. Litt famlande start mot T.Andersson/L.Kjellstrøm,Sverige og tap 5-11,8-11,6-11. Så var det mot J.Silins/J.Apse,Latvia og her stemte spelet perfekt og det blei siger 11-8,11-9,6-11,11-8 og i siste kamp var det rein formalitet mot A.Berggreen/R.Simonsen,Fjell 11-3,11-4,11-3. I sluttspelet fekk me w.o. til kvartfinalen der det blei tap for T.Puntso/H.Saar,Estland 9-11,3-11,7-11 Så var det B-sluttspel i single og der gjekk Atle greit heilt til topps etter disse sigrane:Andreas Berggreen,Fjell 11-8,11-9,11-9 ROnny Simonsen,Fjell 11-8,11-3,11-5 og i finalen mot Jan Magne Krogstad,Kolbotn 11-9,5-11,11-4,11-8
Oppdatert : 04.04.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002