Gull til Tommy i double, ellers svak Stord dag i NM

Me gratulerer Tommy Urhaug med gull i double sitjande saman med Christian Rosnes,Bergen HIL. Ellers var det ein svak Stord dag i NM. Roger var ikkje i form i dag, og nådde kun kvartfinalen i double saman med Chang Miao,B-72. Dei tapte 2-3 i kvartfinalen for Istvan Moldovan/Dag Frode Lobben,Modum. I mix double der Roger og Mona Fallgren,Heddal var tittelforsvarer blei det stopp i semifinalen 1-3 for Istvan Moldovan/Kristin Hagen Doval,Modum/Heddal. Dei gjekk forøvrig heilt til topps i klassen. I b-klassen er Morten Bendiksen gått vidare frå puljespelet som fortsetter sundag. Då skal også Tommy prøva å forsvara gull i sitjande single. Roger deltar også i elite, og me håpar at han er i betre slag i morgon
Oppdatert : 27.03.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Veteran VM og KM arrangert laurdag 22. desember
Resultat klubbmeisterskap
Veteran VM og KM 22. desember
Resultat Stord Cup
Stord Cup 1. og 2. desember

www.stordbtk.no © 2002