5 klassesigrar på lang dag i Bergen, og Tommy(bildet) meister i herrer open

Det blei ein lang dag i Bergen sundag, og dei fleste ledarane er enig i at me må dela senior og yngre på 2 dagar komande sesong. Årets vestlandsmeisterskap inngjekk i sesongens siste regionsstevne. Tommy Urhaug(bildet) vant 2 klassar forholdsvis greit, både handicap og herrer open der han forøvrig slo vår egen Morten Bendiksen i finalen. Morten fekk seg også ein siger i herrer B, som han vant utan større problem. Ein fin 3. plass til Hallgeir Molde i herrer B. Vår 4.klassesiger kom ved Torbjørn Grov Berger som vant nybyrjar 11 år, her fekk Eivind Mosheim Økland 3.plass etter tap for Torbjørn i semifinalen. Per Arne Pedersen tok heim sigeren i herrer C etter finalesiger over Tom Strømberg,Laksevåg, og han er snart B-spelar dersom han fortsetter slik. Me hadde med mange nybyrjarar denne gong, og det var mykje bra spel av alle. Også konkurransegruppa spelte bra, men i motsetning til tidligare i sesong, hadde me ikkje marginane på vår side denne gongen. Torstein Mæland Fjeldstad fekk 5. plass i gutar 15 år, i gutar 13 år fekk Torstein,Thomas Stuve og Thomas Irgens 5. plassar, medan Thomas I. fekk 2. plass i gutar 11 år, her spelte Henrik Pedersen veldig godt og nådde semifinalen der han tapte for Thomas I. Bagher Portazedi fekk ein 3. plass i herrer D, og i veteran har Thor Gunnar spesialisert seg på vestlandsmeisterskap, og vant over Atle for 3. år på rad i VM, denne gong blei det 2. og 3. pl. for våre to, bak ein suveren Anders Hovden,Laksevåg. For fullstendig resultatliste, sjå under resultater litt seinare i veka. Ellers må me gjera noko med stevneformen til neste sesong, me må ha kortare stevnedagar, 11.00-16.00 er maks. og så må leggja klassane opp etter det. Yngre og senior må fordelast på 2 dagar når alle klassane er med, men me treng kanskje fleire stevner for dei yngre enn for seniorar og veteranar. Med å dela yngre og senior/veteran på forskjellige dagar, vil leiarane kunna følgja dei yngre mykje betre opp, i tillegg til at det blir enklare og meir oversiktlig for arrangørane.
Oppdatert : 02.09.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002