Torstein på 3.plass i 13 år sundag

Torstein(bildet) som hadde ei dårlig stevne forrige helg, var tilbake igjen sundag og viste fin framgong. I 13 år var det Thomas I. og Torstein som gjekk vidare frå pulja. Thomas tapte i kvart for Achmed Chaer,Bøle, spelte bra i 3.sett og hadde settball der, men det blei 0-3. Torstein hadde litt problem med Hans Tolo, men drog det i land med 3-1. Også han tapte for Achmed Chaer i semifinalen 0-3. Asbjørn,Arsalan og Øyvind havna i puljer med ein klar vinnar og fleire jevne spelarar, og sjølv med bra spel haldt det ikkje til vidare avansement denne gong. Arsalan var nermast, han tapte 2-3 både for Andreas Steinsvoll,Norheimsund og Vegard Sandberg,Eiker, siste etter å ha leda 2-0 i sett. Hallvard valgde å spela eldre jr. og fekk det som venta hardt, men viste allikavel bra spel i 2 av setta mot Jonas Nilseng,Fokus, og var nær på å få eit 5. og avgjerande sett. Andreas kom til kvartfinalen i eldre junior,men hadde nok større ambisjonar. Det blei eit knepent tap for Rune Engebregtsen,B-72 med 9-11 i 5. og avgjerande sett. Engebregtsen spelte bra og hadde i tillegg marginane på si side. I 15 år kom Torstein, Øyvind og Hallvard vidare frå pulja. Øyvind hadde ei jevn pulje og denne gong gjekk det hans veg. Thomas I. spelte bra i eine kampen mot Tor Ivar Heen,Norheimsund(10-12 i 5.sett), men litt under pari i andre kamp og gjekk gjekk ikkje vidare. Arsalan vant ein kamp 15-13 i avgjerande sett, men det haldt ikkje til vidare spel. I sluttspelet møtte Hallvard ein bra spelar frå Molde, men vant tilslutt, og gjekk til kvartfinalen der det som venta blei stopp mot Kyle Davises, Australia. Torstein fekk 9.plass og Øyvind 17.plass. Vår representant i herrer C, Per Arne Pedersen spelte seg fram til kvartfinalen, der han møtte sin overmann Don ALexander,Heros
Oppdatert : 26.01.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002