Litt meir om Stord BTK sitt 30 års jubileum.

Jubileumet blei starta med bordtennis i rackethallen på dagen, og det var gledelig å sjå mange "gamle" fjes tilstades.Atle (bildet) syns det var kjekt på jubileumsfesten. Det blei spelt uhøgtidelig lagkamp mellom 70-talet og 80-talet. På 70-talet spelte:Atle Irgens,Arild Haukanes,Yngve Irgens,Lars Åge Myhre,Roger Alsaker og Bagher Portazedi. På 80-talet spelte:Thor Gunnar Bjelland,Per Wilhelm Irgens,Carsten Myhre,Per Arne Pedersen,Jørn Kenneth Myhre og Gjermund Skogseth. Litt overraskande(i alle fall for 70-tals kameratane)gjekk 80 talet av med sigeren 8-3 i kampar. 70 talet forlangte så doublekampar, og der kom dei meir til sin rett og vant 2-0 i kampar. 90-talet måtte låna folk frå 2000 talet for å få fullt lag, så denne kampen blei ikkje lika prestisjetung, men 90-talet vant nå 8-4 tilslutt. Her var det fint gjensyn med Vidar Navdal,John Olav Grov og Endre Sandvik på 90 talet, med seg fekk dei Hallvard Fjell,Øyvind Skaar medan 200 talet stilte med Andreas Ljones,Torstein Mæland Fjeldstad,Asbjørn Isdal,Thomas Stuve,Jan Anders Sørheim og Arsalan Portazedi. Etterpå trekte me ein 1 setts cup på gode gamle måten med 5 server og til 21. Som venta var Andreas best av dei 25 som deltok : Res: 1.Andreas Ljones 2.Per Arne Pedersen 3.Atle Irgens 3.Thor Gunnar Bjelland 5.Thomas Irgens 5.Yngve Irgens 5.Hallvard Fjell 5.Roger Alsaker Etterpå var det ein liten pause før festen fortsatte i golfhuset, og det var gledeligt stort frammøte med 42 stk. på plass. Det syns me var bra med kun 14 dagars varsel. Spesielt var det veldig kjekt at dei fleste av foreldra til konkurransegrupp deltok. Thor Gunnar tok seg av bordplassering med ein kort presentasjon av dei frammøtte, og etter middag drog han eit kort resymè av klubbens historie, før var det klart for hedersutdelingar. Stord BTK har 3 grader av heder: 1.Æresmedlem 2. Hederstegn 3. Krystallvase. Fyrst ut var Arild Haukanes,Leif Harry Bauge(samt Svein Kåre Kloster og Bjørn Inge Grov som får seinare). Disse 4 gutane starta som nybyrjarar i mars 1974, og kun 20 mnd. seinare vant dei gutar lag i NM på ein imponerande måte med sigrane 5-1,5-0,5-1, og tilsutt 5-0 i finalen mot Søfteland ! Dette var starten på 4 strake lagtitlar til denne gjengen. Alle disse 4 vart hedra med Stord BTK sin krystallvase. Krystallvase fekk også Per Wilhelm Irgens og Veslemøy Fykse, dei har henholdsvis 4 og 2 NM titlar, samt ein mengde sølv og bronsemedaljar. Per Wilhelm var også med på Stord sitt lag som vant eliteserien 1988. Begge to har dessutan vore kåra til årets idrettsutøvar på Stord, samt at dei alltid har representert klubben på ein veldig positiv måte. Kurt Hevrøy blei tildelt klubbens hederstegn for fremragande administrativ innsats i ein periode på 15 år. Kurt har utført mykje meir enn det ein kan forvent av eit medlem, og fortsatte dette arbeidet lenge etter at han la opp som spelar. Som spelar fekk han med seg ein bronsemedalje i gutar lag som det beste, samt fleire kampar på Stord BTK sitt fyrstelag i eliteserien. Han var også sentral i mange år på Stord sine mange stevnearrangement, i tillegg til at han la ned ein stor innsats då Stord BTK arrangerte Sunnhordlandsmesser i slutten på 80 talet og byrjinga av 90 talet. Han har lest fleire år på bingo for klubben. I tida då Stord Rackethall vart bygd hadde han ei meget sentral rolle som formann i hallkomitèen. Det var ikkje få timar Kurt la ned i arbeidet med rackethallen. Det syns me alle som i dag kanskje tek det som ein selvfølge når dei går og trenar bør veta. I tillegg er Kurt også utdanna forbundsdomar, og han fungerte mange år som domar på eliteseriekampar. Etter utdelingane var det offisielle programmet over, men dei "yngste" fortsatte festen til godt over midnatt, der det blei mimra over mange gode gamle episodar og historiar. Litt tid til gamle videoopptak vart det også.
Oppdatert : 13.01.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002