Fin Stordinnsats sundag i Stord Cup

Thomas Stuve spelte også bra og tok 5.plass etter tap for Øyvind i kvartfinalen. Hallvar som også er 11 år,valgte å spela 13 og 15 år, og fekk hard motstand og god kamptrening, og tilslutt ein 3.plass i 13 års klassen Hallvard spelar veldig bra innimellom, men var nok ikkje heilt nøgd sjølv. Hallvard har hatt fin framgong i år, og når han klarer å sleppa opp litt kjem nok resultata også. I nybyrjarklasse 11 år fekk Asbjørn Isdal ein fin 2.plass etter tap for den sterke jentespelaren Kristin R. Sandberg,Eiker. Ein fin finale med fleire lange og fine ballvekslingar. Asbjørn rykker no ut av nybyrjarklassen. Det blei delt 3.plass til Asle Kvamsdal og Sigbjørn Aasheim. Disse to, saman med Håkon Aasheim,Arne Johan Tornes,Henrik Pedersen,Andrè Simonsen,Jørgen Tesdal,Jan Anders Sørheim og Lars Sleen debuterte i konkurranse. Samtlige har vist imponerande framgong dei månadane dei har spelt bordtennis. Med denne troppen på 15 gode 11års spelarar, har Stord BTK ein av dei aller beste 11 års laga i landet. Blant dei litt eldre ungdomane, fekk Hans Arne Aasheim norgescuppoeng for sin 9.plass i eldre jr., og med det havna han totalt på 21.plass i norgescupen denne sesongen ! Både Hans Arne,Anders og Kristian spelte klart betre i dag enn i går, og det viser at det er mykje kamptrening mot andre spelarar som skal til. Også veteranane viste seg fram i dag, med Atle på 2.plass og Thor Gunnar på 3.plass i veteran, samt at Øystein Strand tok 2.plass i herrer C. Sjå ellers fullstendig resultatliste i linken til venstre
Oppdatert : 28.01.2003

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002