Fin innsats i romjulscupen i fotball

I fyrste kamp mot Real Madrid jr. leda me 1-0 lenge etter ein tidlig scoring av Thomas Irgens, men fekk eit mål mot oss 2 min. før slutt og det enda 1-1. I neste kamp blei det 0-5 tap for Oldstar Team, og her møtte me eit betre lag. Me visste at me måtte ha ein siger for å gå vidare, og det måtte bli i neste kamp mot Big Star, men det blei 0-1 tap sjølv med god innsats. I siste kamp blei me overkjørt av favorittlaget Milan junior og me tapte 1-9 etter at Torstein Mæland Fjeldstad hadde redusert i 2. omgong. Alt i alt ein god innsats av bordtennisspelarane: Torstein Mæland Fjeldstad,Hallvard Fjell,Asbjørn Isdal,Øyvind Skaar,Thomas Stuve,Lars Sleen og Thomas Irgens. Me hadde ein gjennomssnittalder på 10,5 år mens dei fleste andre lag var reine 12 åringar. Allikavel var me veldig nerme å gå til semifinalen, hadde me greidd å halda på 1-0 leiinga i fyrste kamp mot Real Madrid jr., hadde me vore i semifinalen. Me kjem nok sterkare igjen til neste år
Oppdatert : 27.12.2002

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002