Leiar: Atle Irgens (ikkje på valg i år) Nestleiar: Kristian Magnussen (2 år) Styremedlem: Ove Sandnes (ikkje på valg i år) Styremedlem: Thomas Irgens (ikkje på valg i år) Styremedlem: Erik Andren (2 år)
Varamedlem: Nils Arne Stuve Varamedlem: Vidar Gjellestad
Kontrollutvalg: Jeanette Magnussen Kontrollutvalg: Ole Morten Lie
Me har dei siste år hatt årsmelding årviss, det er mykje betre for oss å ha årsmelding sesongvis ellers kjem veldig mykje av aktiviteten på årsmelging veldig seint. I år blir det difor ein overgansperiode der ha har årsmelding for heile 2019 samt for 2019/2020. Til årsmøte i 2021 er me tilbake i den rytmen me ønskjer då kjem årsmeling 2020/2021. Egentlig skulle me også hatt rekneskap sesongvis sånn som me hadde for ein del år sidan for det gjenspeilar aktivitet/økonomi på ein korrekt måte. Diverre så er ikkje det lov lengre.
Me har arrangert følgjande stevner 2019:
Stord Cup, Regionsmeisterskap, Region Vest Cup, KM/VM for veteranar.
Sportsleg:
Seriespel sesongen 2018/2019
Stord blei nr 5 i eliteserien, på laget spelte Erik Åhman, Carl Ahlander Johansson, Geir Erlandsen, Andreas Ljones, Roy Høyland, Kristoffer Hellerud, Marcus Wærstad, Nora Bagner Nilsen, Jørn Martinsen, Kjell Stordal, Atle Irgens.
Stord 2 vant 3. divisjon, på laget spelte Thomas Irgens, Erik Andrén, Dag Hinrichsen, Tommy Urhaug, Atle Irgens, Morten Stokke, Nils Arne Stuve. Stord 3 vant 4. divisjon, på laget spelte Nils Arne Stuve, Jarle Hatlevik, Ingvar Rafdal, Atle Nerland, Wojciech Szramowski, Jørn Martinsen Stord 4 blei nr 3 i 4. divisjon, på laget spelte Kristoffer Lien Aasheim, Per Vilhelm Irgens, Kristian Magnussen, Atle Irgens, Krizander Magnussen, Mathias Bostrøm.
Seriespel 2019/2020
Me satsa ekstra hardt i årets eliteserie, der me henta fleire gode svenske spelarar, deriblant den svenske comingman Truls Möregårdh. Me satsa også på bra arrangement på våre heimakampar og det kom godt med publikum. Stord blei nr 2 i grunnserien i eliteserien, i semifinalen vant me 5-4 mot Hardanger, så kom koronaviruset og stoppa all idrett. På lager i år har disse spelt: Magnus Molin, Carl Ahlander Johansson, Kristoffer Hellerud, Truls Möregårdh, Kim Nylander, Marcus Wærstad, Roy Høyland, Andreas Ljones, Erik Andrén. I semifinalen mot Hardanger spelte også Georg Selsvold på laget.
Stord 2 blei nr 2 i 2. divisjon, på laget spelte: Roy Høyland, Georg Selsvold, Thomas Irgens, Erik Andrén, Erik Berge Saue, Morten Stokke, Jørn Martinsen. Stord 3 blei nr 6 i 3. divisjon, på laget spelte: Atle Irgens, Kristoffer Lien Aasheim, Erik Andrén, Kristian Magnussen, Krizander Magnussen, Nils Arne Stuve, Erik Berge Saue, Morten Kleven, Jarle Hatlevik. 4. divisjon blei ikkje ferdigspelt på grunn av koronaviruset, tabellen blei då ståande som den var med litt ulikt spelt kampar. Stord 5 blei nr 3, på laget spelte: Kristoffer Lien Aasheim, Krizander Magnussen, Kristian Magnussen, Ole Morten Lie, Ingvar Rafdal, Mia Lygre Stord 4 blei nr 5, på laget spelte: Erik Andrén, Atle Nerland, Marius Salomonsen, Nils Arne Stuve, Torbjørn Litlabø, Wojciech Szramowski, Sondre Moe Endresen. NB ! Etter at årsmelding var skrive er me blitt seriemeister sesongen 2019/2020, det blei delt siger i lag med Laksevåg. Det skjedde etter mykje om og men der forbundet først utropa Laksevåg til vinnar åleina, me har jobba med klage etter klage før me endelig fekk gjennomslag for vårt syn. Diverre hadde me då allerede trukke laget for neste sesong sidan me ikkje fekk svar før fristen for å trekka lag utan å få bot gjekk ut. Me har fått plass i 1. divisjon for Stord 2 som vart nr 2 i 2.divisjon.
Internasjonalt 2019
Tommy Urhaug tok to flotte bronsemedaljar i EM i Sverige. Dei kom i singleklassen, samt i sitjande lag samen med Sebastian Vegsund, Skodje. Tommy har også mange andre gode internasjonale plasseringar i stevner. Krizander Magnussen fekk sin internasjonale debut i Malmø Open med to gode 1. plassar. Henholdsvis i nivåklasse 3 og i ungdomsklassen.
NM senior i Lørenskog 2019
Det blei eit veldig svakt NM for klubben. Me tok kun ein medalje og den kom i damer lag der Nora Bagner Nilsen og Sarah Horgen tok bronse.
NM senior i Stokke 2020
Gull i funk sitjande: Tommy Urhaug Gull i mix dobbel: Sarah Horgen/Roger Andersson,Hardanger
Bronse i damer single: Nora Bagner Nilsen Bronse i herrer lag: Geir Erlandsen, Marcus Wærstad, Kristoffer Hellerud, Atle Irgens Bronse i damer lag: Nora Bagner Nilsen, Sarah Horgen Bronse i herrer dobbel: Marcus Wærstad/Kristoffer Hellerud Bronse i funk open dobbel: Tommy Urhaug/Kriander Magnussen
NM eldre junior i Oslo 2019
Bronse i damer eldre junior: Nora Bagner Nilsen Bronse i damer eldre junior lag: Nora Bagner Nilsen, Sarah Horgen Bronse i damer eldre junior dobbel: Nora Bagner Nilsen/Sarah Horgen
NM eldre junior på Harestua 2020
Sølv i damer eldre junior lag: Nora Bagner Nilsen, Sarah Horgen Bronse i damer eldre junior: Sarah Horgen Bronse i damer eldre junior dobbel: Nora Bagner Nilsen/Sarah Horgen Bronse i mix eldre junior: Sarah Horgen/Thomas Låte, Hardanger
NM yngre i Oppegård 2019
Gull i funksjonshemma ståande: Krizander Magnussen Gull i funksjonshemma open: Krizander Magnussen
NM veteranar i Bergen 2019
Gull i sitjande: Tommy Urhaug Gull i ståande: Nils Arne Stuve Gull i dobbel funk: Tommy Urhaug/Endre Furu, Hardanger Gull i open funk: Tommy Urhaug Sølv i open funk: Nils Arne Stuve Sølv i dobbel funk: Nils Arne Stuve/Stig Mortensen, Laksevåg
NM yngre, NM junior og NM veteranar 2020 er avlyst på grunn av koronaviruset.
Rekruttering
Det har vore stabil rekruttering i klubben i 2019, nokre har slutta og nokre nye er komt til. Fleire av dei yngre har fått eit sportsleg løft og me ser fin framgong i heile gruppa. Kristian Magnussen og Atle Irgens har vore trenar. Me gjennomførte Bordtennisskule for nye spelerar på hausten som gav litt rekruttering.
Økonomi
Me har kontroll på økonomien og har ein del pengar i reserve. Me har eit overskot på kr 30.000,- mot underskot kr 86000,- i 2018. Me treng likevel å redusera utgifter for 2020, då me reknar med mindre inntekter.
Medlemer
Pr.31/12-2019 har me 205 medlemer mot 191 medlemer 31/12-2018 Nokre vil automatisk forsvinna i 2019 pga regelen om kor lenge medlemer står før dei blir stroken. Målet i 2020 må vera at medlemstalet held seg nokolunde på same nivå.
Styret
Styret sesongen 2019 har bestått av:
Leiar: Atle Irgens Nestleiar: Thor Gunnar Bjelland Styremedlem: Ove Sandnes Styremedlem: Thomas Irgens Styremedlem: Morten Kleven
Varamedlem: Nils Arne Stuve Varamedlem: Kristian Magnussen