Me arrangerer vår årlige Stord Cup 1. og 2. desember, her er innbydelsen: Stord Bordtennisklubb har med dette gleda av å be inn til årets Stord Cup. Stevnet vert avvikla helga 1-2. desember i gamlehallen i Stord Idrettspark. Me vil også nytta bordtennishallen i nokre yngre klassar om påmelding vert stor. Stord Cup er norges eldste stevne som fortsatt vert arrangert. Stord BTK arrangerte det første Stord Cup i 1978 og me har arrangert det kvart år sidan den gong. Årets Stord Cup er nr 41 i rekkja, men me har jubileum også i år, sidan det er 40 år sidan det første Stord Cup vart arrangert.
Hallen open for trening 1 time før stevnestart begge dagar
Klasseinndeling laurdag 1.desember
Bolk 1 kl 11.00 Herrer dobbel cup kr 150,- Gutar dobbel cup kr 120,-
Bolk 2 kl. 12.00 Herrar åpen kr 140,- Gutar 15 år kr 100,- Gutar 11 år kr 100,- Herrar C kr 140,- Damer åpen kr 140,- Jenter 15 år kr 100,- Herrar F kr 140,- Nybyrjarklasse kr 140,-
Bolk 3 ca. kl.15.30 Herrar E kr 140,- Gutar 13 år kr 100,- Herrar junior kr 110,- Herrar B kr 140,- Jenter 13 år kr 100,- Damer junior kr 110,- Herrar veteran kr 140,-
Ein kan melda seg på i ein klasse i kvar bolk.
Ved stor deltaking i nybyrjarklassen, vert spelarane delt inn i ulike aldersgrupper. 4-manns puljer i alle klassar. Best av 5 sett i alle klassar.
Herrar lag kr 310,- pr. lag Herrar D lag kr 310,- pr. lag Herrar F lag kr 310,- pr. lag Damer/jenter kr 310,- pr. lag Gutar lag kr 210,- pr. lag Nybyrjar lag kr 210,- pr. lag
Corbillion cup(2-mannslag) i alle klassar, du kan vera tre spelarar på eit lag og setja inn ny spelar i dobbel, og du kan bruka ulike spelarar i ulike kampar. Er lov å miksa lag frå ulike klubbar. Puljespel i alle lagklassar.
Tapar må døma ein kamp etterpå.
I kvar klasse er det inkludert kr 10,- i «stevne 10 aren» Denne er innført av NBTF, og pengane skal gå til tiltak i regionen. Klassar med færre enn 4 deltakarar kan bli strokne.
Påmelding innan 23.november til: atle.irgens@sklbb.no
Premiering:
Gåvepremiar og diverse bordtennisutstyr. Pokalar i nybyrjarklassane, 11 og 13 år, herrar F og herrar E
Turneringa er underlagt NBTF sitt konkurransereglement NIF sine dopingsbestemmelsar gjeld for alle deltakarar Alle som er fødd i 2006 eller før må ha betalt lisens til NBTF
Ballar: Stiga XXX plastballar
Bord: Butterfly, Yasaka, Stiga
Stevneleiar: Arve Skogen og Atle Irgens
Styrkeseeding i alle klassar etter gjeldande reglar
Startkontingent: 3520.58.95610
Det vert kiosk med salg av mat og drikke
Eventuelle opplysningar: Atle Irgens 99725051 eller mail: atle.irgens@sklbb.no
Me håpar på god deltaking frå dykkar klubb, og ønskjer alle vel møtt til årets Stord Cup.