Regionsmeisterskap laurdag 25. august

Me arrangerer regionsmeisterskap i bordtennishallen laurdag 25. august, sjå vedlagte innbydelse:

Regionsmeisterskap 2018

Stord Bordtennisklubb har med dette gleda av å be inn til årets regionsmeisterskap (Vestlandsmeisterskap). Stevnet vert arrangert laurdag 25. august i bordtennishallen. Stevnet blei avlyst i vår på grunn av liten deltaking. Me arrangerer dette stevnet fordi det er ekstremt viktig at det vert arrangert kvart år, sånn at det ikkje vert hol i statistikken.
Ved stor deltaking kan det bli aktuelt å flytta noken klassar til sundag.
Stevnestart kl. 12.00 Hallen open for trening frå kl.11.00

Klassar:

Herrer dobbel kr 120,- Gutar 15 år dobbel kr 90,-
Herrer senior kr 120,- Damer senior kr 120,-
Herre eldre junior kr 110,- Damer eldre junior kr 110,-
Herrer junior kr 100,- Damer junior kr 100,-
Gutar 15 år kr 90,- Jenter 15 år kr 90,-
Gutar 13 år kr 90,- Jenter 13 år kr 90,-
Gutar 11 år kr 90,- Jenter 11 år kr 90,-
Funksjonshemma sitt kr 120,- Funksjonshemma stå kr 120,-
Funksjonshemma open kr 120,-

Kr 10,- til stevnetiar er lagt inn i startkontingent i kvar klasse

NB ! Sidan meisterskapet skulle vore arrangert i vår, vil me difor følgja
aldersinndeling for sesongen 2017/2018

Alle klassar vert spela som cup
Spelarane kan delta i dobbel og tre individuelle klassar
Alle klassar med minimum to deltakarar vert spelt

Påmelding innan laurdag 18. august til: atle.irgens@sklbb.no
Stevnet vert trekt sundag 19. august
Ingen etteranmelding

Premiering: Medalje til dei tre beste i alle klassar uansett deltakarantall

Turneringa er underlagt NBTF sitt konkurransereglement
NIF sine dopingsbestemmelsar gjeld for alle deltakarar
Alle som er fødd i 2005 eller før må ha betalt lisens til NBTF(om du betalte lisens for
sesongen 2017/2018 er da ok)

Ballar: Stiga xxx plast
Bord: Butterfly, Yasaka, Stiga
Styrkeseeding i alle klassar etter gjeldande reglar

Startkontingent: 3520.58.95610
Det vert sendt ut faktura etter stemnet for startkontingent

Det vert kiosk med salg av mat og drikke

Eventuelle opplysningar: Atle Irgens 99725051 eller mail: atle.irgens@sklbb.no

Stord BTK håpar på god deltaking og ønskjer alle vel møtt

Atle Irgens





Oppdatert : 03.08.2018

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002