Årsmelding Stord BTK 2017

Årsmelding Stord Bordtennisklubb 2017


Me har arrangert følgjande stevner denne sesongen:

Stord Cup, Regionsmeisterakap KM/VM for veteranar.

Sportsleg:

I serien 2016/2017 blei Stord nr 2 i 3.divisjon, på laget spelte Georg Selsvold, Thomas Irgens, Atle Irgens, Morten Kleven, Morten Stokke, Nils Arne Stuve.
For sesongen 2017/2018 valgte me å ta ein ledig plass i eliteserien. Me har også eit lag i 4. divisjon. Me har som vanleg delteke på mange stevner på vestlandet med fleire gode resultat.

Internasjonalt

Tommy Urhaug tok ein flott bronse i EM i Slovakia. Tommy har også mange andre gode internasjonale plasseringar i stevner. Våre to nye damespelarar Nora Bagner Nilsen og Sarah Horgen, var med på det norske juniorlandslaget under EM i Portugal i sommar der Norge kom på ein flott 12. plass. Marcus Wærstad har spelt fast på det norske herrelandslaget

NM senior i Norheimsund 2017

Gull i herrar single: Marcus Wærstad
Gull i funksjonshemma sitjande: Tommy Urhaug
Gull i funksjonshemma open: Tommy Urhaug
Sølv i herrar single: Geir Erlandsen
Bronse i herrar dobbel: Marcus Wærstad/Georg Selsvold
Bronse i herrar lag: Geir Erlandsen, Marcus Wærstad, Kristoffer Hellerud, Georg Selsvold, Thomas Irgens
Bronse i funksjonshemma open dobbel: Tommy Urhaug/Nils Arne Stuve
Bronse i herrar B single: Thomas Irgens
Me tek også med ein flott 5. plass til Kristoffer Hellerud i herrar single

NM yngre i Bergen 2017

Me deltok med 10 spelarar, ingen plasseringar

NM veteranar i Trondheim 2017

Gull i funksjonshemma ståande: Nils Arne Stuve
Bronse i funksjonshemma open: Nils Arne Stuve

Rekruttering

Dert har vore stabil rekruttering i klubben i 2017, nokre har slutta og nokre nye er komt til. Fleire av dei yngre har fått eit sportsleg løft og me ser fin framgong i heile gruppa. Morten Kleven og Atle Irgens var trenarar fram til 1. april, etter den tid har det vore Kristian Magnussen og Atle Irgens.

Diverse

Me har fått fleire nye spelarar i klubben. Sarah Horgen og Nora Bagner Nilsen to av norges beste damespelarar har meldt seg inn. Det samme har Roy Høyland og Jørn Martinsen gjort i forbindelse med vårt eliteserielag. Alle 4 spelararne har gitt oss eit positivt og sportsleg løft. Georg Selsvold er flytta til Bergen på studier og har meldt overgang til Laksevåg

Økonomi

Me har god kontroll på økonomien og har ein del pengar i reserve. Me har eit underskot på kr 61000,- i 2017 mot overskot kr 70.000,- i 2016


Medlemer

Pr.31/12-2017 har me 131 medlemer, mot 102 medlemer 31/12-2016

Styret

Styret sesongen 2017 har bestått av:


Leiar: Atle Irgens
Nestleiar: Thor Gunnar Bjelland
Styremedlem: Thomas Irgens
Styremedlem: Ove Sandnes
Styremedlem: Morten Kleven

Varamedlem: Georg Selsvold og Nils Arne Stuve


Revisor: Carsten Myhre




Stord 19/3-2018


Atle Irgens - leiar


Oppdatert : 22.03.2018

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Resultat klubbmeisterskap
Veteran VM og KM 22. desember
Resultat Stord Cup
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august

www.stordbtk.no © 2002