Norheimsund open og NC Laksevåg

Me har vore på Norheimsund Open 23. januar og norgescup i Bergen 30. og 31. januar, begge med gode resultater. Her ser me ein fornøgd Jan Roger Andersson.
I Norheimsund Open vant me tre klassar. Roger Andersson vant herrar elite og veteran, nermast som vanleg. Jan Roger Andersson vant herrar B etter flott finalesiger mot Thomas Sætre, Hardanger. Jan Roger fekk også 3. plass i eliteklassen. Ellers vart det 3. plass til Nils Arne Stuve i herrar E og til Svenn-Endrè Hannevig i funksjonshemma

Også under norgesucpstemne i Bergen gjorde me det bra.
I eliteklassen spelte Roger Andersson seg greit fram til kvartfinalen, men måtte kasta inn handduken der grunna dårlig rygg.
I funksjonshemma open blei det 3. plass på Steffen Salomonsen etter tap i tre jamne sett for vinnaren Zsolt Berecki frå Volda og Ørsta.
Thomas Låte tok ein sterk 3. plass i herrar junior etter 2-3 tap i ein jamn kamp for Mikkel Gudmundsen, B-72. Jan Roger Andersson fulgte fint opp med 5. plass. I gutar 15 år med 48 deltakarar, vart det 5. plass på Thomas Låte og 9. plass på Jan Roger Andersson. Gutar 15 år er ein klasse med mange jamne spelarar og både Thomas og Jan Roger taper sine kamper knepent 2-3.
Også i herrar eldre junior leverer Låte og Andersson fleire gode kampar.
I herrar C tok Atle Irgens 3. plass, medan Steffen Salomonsen fekk 5. plass.

Oppdatert : 01.02.2016

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002