Innbydelse til Stord Cup

Stord BTK arrangerer den årlege Stord Cup 19-20. september i gamlehallen. Bronselaget frå veteran NM 2014 er klar.

Stord Cup 2015

Stord Bordtennisklubb har med dette gleda av å be inn til årets Stord Cup. Stevnet vert avvikla 19.- 20. september i gamlehallen i Stord Idrettspark. Me vil også nytta bordtennishallen i nokre yngre klassar om påmelding vert stor.
Stemnestart kl.12.00 laurdag og kl. 10.00 sundag.
Hallen open for trening 1 time før

Klasseinndeling

Laurdag 19. september

Bolk 1 kl. 12.00 Bolk 2 ca. kl.15.30

Herrar åpen kr 140,- Herrar E kr 140,-
Gutar 15 år kr 100,- Gutar 13 år kr 100,-
Gutar 11 år kr 100,- Herrar junior kr 110,-
Herrar C kr 140,- Herrar B kr 140,-
Damer åpen kr 140,- Jenter 13 år kr 100,-
Jenter 15 år kr 100,- Damer junior kr 110,-
Herrar F kr 140,- Herrar veteran kr 140,-

Ein kan melda seg på i ein klasse i kvar bolk.

Funksjonshemma open kr 140,-

Spelarar som ønskjer det, kan spela funksjonshemma klasse i tillegg til å delta i ein klasse i
kvar bolk. Funksjonshemma klasse vert spela innimellom ved ledig tid.

Nybyrjarklasse start ca. kl. 13.00 kr 100,-

Ved stor deltaking vert spelarane delt inn i ulike aldersgrupper.
Spelarar som er med i nybyrjar kan delta i ein annan klasse, enten i bolk 1 eller
bolk 2.

Puljespel i alle klassar. Best av 5 sett i alle klassar. Tapar må døma ein kamp etterpå.

Sundag 20. september Stemnestart kl.10.00

Herrar lag kr 310,- pr. lag Herrar dobbel kr 150,- pr. par
Herrar D lag kr 310,- pr. lag Herrar D dobbel kr 150,- pr. par
Herrar F lag kr 310,- pr. lag Herrar F dobbel kr 150,- pr. par
Damer/jenter kr 310,- pr. lag Damer/jenter dobbel kr 150,- pr. par
Gutar lag kr 210,- pr. lag Gutar dobbel kr 120,- pr. par
Nybyrjar lag kr 210,- pr. lag Nybyrjar dobbel kr 120,- pr. par

I all lagklassane vert det spela 2-manns lag (Corbillion cup). Ein kan nytta fleire spelarar pr.
Lag. Det skal vera reine klubblag, men men dersom ein klubb har spelar til overs, kan den
melda seg på til å spela i lag med makker frå annan klubb.

Det vert puljespel i innleiande spel. Dei 2 beste lag i kvar pulje går vidare til cup spel.
I dobbelklassen vert det spela cup. Ein spelar kan delta i ein dobbelklasse og ein lagklasse.

I kvar klasse er det inkludert kr 10,- i «stevne 10aren» Denne er innført av NBTF frå og
med denne sesongen, og pengane går til tiltak i regionen.
Klassar med færre enn 4 deltakarar kan bli strokne.

Påmelding innan 10. september til: atle.irgens@sklbb.no

Premiering:

Gåvepremiar og diverse bordtennisutstyr til ein verdi av over kr 10.000,-
Pokalar i nybyrjarklassane, 11 og 13 år, herrar F og herrar E

Turneringa er underlagt NBTF sitt konkurransereglement
NIF sine dopingsbestemmelsar gjeld for alle deltakarar
Alle som er fødd i 2003 eller før må ha betalt lisens til NBTF

Ballar:

Stiga XXX og Yasaka XXX plastballar
Butterfly treningsball plast i yngste klassar

Bord:

Butterfly, Yasaka, Stiga
Styrkeseeding i alle klassar etter gjeldande reglar

Startkontingent: 3520.58.95610

Det vert kiosk med salg av mat og drikke

Eventuelle opplysningar: Atle Irgens 99725051 eller mail: atle.irgens@sklbb.no

Me håpar på god deltaking frå dykkar klubb, og ønskjer alle vel møtt til ny sesong

Med sportsleg helsing

Stord BTK

Atle Irgens (s.)

Oppdatert : 15.08.2015

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002