Årsmelding Stord BTK

Her kan du lesa årsmeldingen for sesongen 2013/2014 i Stord Bordtennisklubb. Me hadde årsmøte i dag tirsdag 16. september. Det nye styret vert snart publisert:


Årsmelding Stord Bordtennisklubb 2013/2014

Det har vore ein spesiell sesong på mange måtar. Det absolutte høgdepunkt var då me feira vårt 40 års jubileum i Stord Idrettspark onsdag 8. januar. Underteikna har alltid hatt eit ønske om å få over tidenes bordtennisspelar Jan Ove Waldner til Stord ein gong. Det skulle gå 40 år førme var så heldige at me fekk Waldner til Stord, og ikkje minst fekk me også Mikael Appelgren i samme sleng. Betre kunne det ikkje vera. Dei to som stifta klubben i 1974, Lars Åge Myhre og Atle Irgens satte det heile i gong med å spela nokre ballar. I lag med våre egne Tommy Urhaug, Roger Andersson laga dei svenske superstjernene eit flott show. To av våre yngre, Jan Roger Andersson og Thomas Låte fekk også vist seg fram. Det var 400 som møtte opp for å sjå på bordtennisshowet som var godt dekka i media.

Me har arrangert følgjande stevner denne sesongen:
Opningsstevne, KM, KM/VM for veteranar, Mai cup og Juni Cup. Diverre måtte me avlysa Stord Cup grunna liten deltaking, einaste gong sidan 1978 at det ikkje er arrangert, det er beklagelig.

Sportsleg
I serien blei Stord nr 4 i 1.divisjon, som var høgaste serie denne sesongen. Stord 2 vant 3. divisjon.

Internasjonalt stod Tommy Urhaug for ein fantastisk prestasjon då han nok ein gong tok EM gull. Steffen Salomonsen hadde fleire bra plasseringar internasjonalt i yngre klassar for funksjonshemma, men den beste var nok bronse i senior lag i Spania Open. Jan Roger Andersson fekk sin internasjonale debut i døveklassen, og gjekk heilt til topps både i single og dobbel i Hamburg open der fleire av europas beste yngre døvespelarar deltok.

I dei ulike NM gjorde me ein god innsats denne sesongen:

NM junior i Molde

Gull i junior dobbel til Georg Selsvold som spelte i lag med Fredrik Meringdal, Hjelset/Fram

NM senior i Oslo

Gull i lag: (Geir Erlandsen, Roger Andersson, Tommy Urhaug, Thomas Irgens, Atle Irgens)
Gull herrer dobbel: Roger Andersson/Geir Erlandsen
Gull i mix dobbel: Roger Andersson i lag med Christine Mettner, Fjell
Gull i funksjonshemma sitjande: Tommy Urhaug
Gull i funksjonshemme eldre junior: Steffen Salomonsen
Sølv i herrer single: Geir Erlandsen
Sølv i funksjonshemma open: Tommy Urhaug
Sølv i funksjonshemma stå dobbel: Steffen Salomonsen med Sverre Valderhaug, Bergen HIL
Bronse i funksjonshemma open: Steffen Salomonsen

NM yngre i Bodø

Gull i funksjonshemma yngre stå: Jan Roger Andersson
Gull i funksjonshemma yngre open: Jan Roger Andersson
Gull i funksjonshemma junior stå: Jan Roger Andersson
Gull i funksjonshemma junior open: Jan Roger Andersson
Gull i funksj junior dobbel: Jan Roger Andersson med Pablo Jacobsen, Fornebu
Sølv i gutar lag: Morten Stokke, Thomas Låte, Jan Roger Andersson

NM veteranar i Arendal

Gull i veteran 40 år: Roger Andersson
Gull i veteran 35 år dobbel: Roger Andersson/Atle Irgens
Gull i veteran 35 år mix: Roger Andersson i lag med Camilla Henriksen, Bjørndal
Gull i veteran funksjonshemma: Nils Arne Stuve
Bronse i veteran 35 år lag: Roger Andersson, Atle Irgens, Nils Arne Stuve



Oppsummering

Det positive er at me har tre yngre som satsar for fullt i lag med Tommy Urhaug, så har me ein del som hevdar seg bra på senior nivå. Me hevdar oss bra i NM samanheng, og me markerer oss internasjonalt. Me arrangerer årleg ein populær treningsleir i Norheimsund i lag med Hardanger BTK og Bergen HIL. Me har brukbar kontroll på økonomien og har ein del pengar i reserve.
Det negative er at me har svak rekruttering, få yngre som satsar, få og ingen som vil vera trenarar, få leiarar. Det mest negative er kampen for å behalda treningshallen vår. Me har hatt fleire 10-tals møter i løpet av dei siste åra ang rackethallen og bordtennishallen, som på mange måtar heng saman. I lag med Stord Tennisklubb og Stord Badmintonklubb har me kjempa ein kamp ang rackethallen. Dei to nevnte klubbane er kasta ut av rackethallen som me bygde i lag tidlig 90 tal. Me er på nåde i bordtennishallen fram til 2016. Det mest tragiske er at det er Stord Kommune og leiinga i Stord Idrettspark som me kjempar i mot. Alt dette arbeidet der me har stanga med hovudet i veggen i 4 år, har ført til at me ikkje har overskot og motivasjon og driva rekrutteringsarbeid. For nokre år sidan hadde me rundt 350 medlemer, me er no nede i under 100 medlemer. Ein skulle jo tru at Stord Kommune satte pris på arbeidet me har gjort for born og unge i mange år i Stord Kommune, men så er ikkje tilfelle. Og om ikkje Stord Kommune kan ordna opp i denne saken, så er dei direkte ansvarleg for at me går ned i medlemstal.

Styret

Styret sesongen 2013/2014 har bestått av:

Leiar: Atle Irgens
Nestleiar: Tony Låte
Styremedlem: Borghild Iversen
Styremedlem: Laila Skjelnes
Styremedlem: Ove Sandnes

Varamedlem: Arve Skogen

Revisor: Ellen J. Svendsbø


Stord 16/9-2014


Atle Irgens - leiar


Oppdatert : 16.09.2014

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002