Bra innsats i Topp 8

Stord BTK hadde 5 spelarar med i topp 8 i Oslo i helga. Roger Andersson måtte trekka seg i elite etter tre kampar med vond rygg. I funksjonshemma vart det som forventa eit oppgjer mellom Jan Roger Andersson og Steffen Salomonsen om 2. plassen bak suverene Andreas Aulie, Fokus. Denne gong var det Jan Roger som trakk det lengste strået då han vant 3-0. I gutar 15 år kom Morten Stokke på 6. plass, med lite trening dei siste vekene kan han vera nøgd med dette. I gutar 13 år kom Thomas Låte på 4. plass etter litt opp og ned spel. Det var ein klasse med mange jamne kampar, og Thomas vant f.eks. to kampar 3-2 to kampar 2-3.
Oppdatert : 15.05.2014

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002