Vellukka 40-års feiring onsdag

Onsdag vart Stord Bordtennisklubb sitt 40-års jubileum markert med eit svært vellukka bordtennisshow i Stord Sportssenter. 350 personar møtte opp for å sjå Jan Ove Waldner, Mikael Appelgren, Roger Andersson, Tommy Urhaug, samt våre to yngre; Jan Roger Andersson og Thomas Låte. Me såg fleire tidligare spelarar som kosa seg i hallen med god bordtennis, kanskje på tide å finna fram racketen og byrja å trimma litt med bordtennis ?? Me har fått ekstremt mange gode tilbakemeldingar frå dei som var tilstades, både frå bordtennisspelarar, og ikkje minst frå folk som aldri har sett internasjonal bordtennis før. Eg vil retta ein takk til alle som var med og arrangerte, både i forkant og under showet. I tillegg må me retta ein stor takk til alle som sponsa oss, me går faktisk i eit fint overskot, sjølv om det ikkje var målet. Næringslivet på Stord er veldig flinke til å sponsa ulike idrettar og er ganske unikei så måte. Er ikkje mange plassar dei har eit så positivt næringsliv. Så må eg takka J-O og Äpplet for eit fantastisk besøk. Dei var positive og humørfylte under heile opphaldet, og gav mange fine tilbakemeldingar om våre yngre spelarar. Får håpa det gav motivasjon for vidare satsing, det motiverte i alle fall meg til å stå på vidare. Mikael Äpplet" Appelgren ringte meg i dag og takka for eit flott opphald, og skulle helsa frå J-O også. Eg måtte helsa så mykje og sei at dei hadde hatt to flotte dagar på Stord, og dei kom gjerne igjen, det var berre å ringa om me hadde liknande opplegg seinare. Så tilslutt, det blei sjølvsagt filma, eg skal redigera film og legga ut på youtube og laga ein link på sida vår, men det tar kanskje ein dag og to før da er klart.
Oppdatert : 10.01.2014

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002