4 klassesigrar under NC Etne

Me vant 4 klassar under NC stevne i Etne og fekk mange andre bra plasseringar. Thomas Låte vant både gutar 12 år og gutar 13 år, Roger vant veteran og Steffen vant funksjonshemma ståande.
I gutar 12 år vant Thomas ein grei siger, med 3-0 i finalen mot Mathias Haraldseid, Fokus og tapte kun eit sett totalt(i semifinalen mot Borgar Holm,Fokus) I gutar 13 år var det spesielt sigeren i semifinalen mot Benjamin Langsholt, Sarpsborg som var veldig bra. Diverre blei det w.o. i finalen då Even Horvli, Molde måtte reisa for å ny fly heim.
I funksjonshemma blei det som vanlig veldig jamnt i finalen mellom Steffen og Jan Roger. Denne gong såg det ut til å gå Jan Roger sin vei, då han leda 2-0 og hadde matchball i tredje sett, men Steffen kom igjen og vant to sett. Steffen leda 10-6 i 5 sett, men Jan Roger kom tilbake til 10-9 før Steffen vant ein lang ballduell. Roger vinner som vanlig veteran og hadde denne gong full kontroll på broder Niklas i finalen, sjølv om han tapte første sett. Atle kom på 3. plass her
I herrer elite spelte Roger seg greit fram til semifinalen og har egentlig full kontroll på Lars Rønneberg, Laksevåg, men kanskje det gjekk litt for lett, for Roger slepper Lars inn igjen i kampen og det endar med knepent tap 10-12 i 7. og avgjerande sett. Morten Stokke ghår vidare frå pulja etter å ha slått Simen Mykland og Jonas Flåøien, taper i sluttspel mot Vegard Sandberg. Georg slår Mats Meinseth, men taper 2-3 både for Jon Martin Soo-Hansen og Andreas Sporsheim, Raymond taper alle 3, jevnt mot Anders Løkkeberg, Atle taper alle 3, kunne gått vidare med 3-0 mot Adrian Wetzel, leda 2-0, men tap 2-3. Steffen vinner pulja i herrer C etter harde kampar, 3-1 mot Kjetil Korneliussen var bra, sliter seg til 3-2 mot Dag Hinrichsn(revansje frå sist) og Kristoffer Myrvåg, sterk siger mot Bjarte Grindheim i sluttspel før det blir 0-3 tap for Atle Håvåg i neste runde. Gutar 14 år, Jan Roger med fin 3-0 siger mot Axel Øhrmen og tar sett mot Even Horvli, Thomas L vinner pulja enkelt, sluttspel Jan Roger taper 1-3 for Mathias Haraldseid, Thomas 0-3 for Snorre Amundsen, herrer junior, Georg direkte til sluttspel, Morten vinner pulja 3-1 mot Benjamin Langshold, 3-2 mot Ole Jørgen Pedersen, Steffen taper 0-3 for Simen Mykland og ryker ut av pulja etter 12-14 i 5. og avgjerande sett for Snorre Amundsen, sluttspel Morten går til ein fin kvartfinale etter 3-2(11-9 i 5.sett) mot Sveinung Hartveit, Georg sliter seg til 3-2 mot Per Hartveit, solid 3-0 mot Oscar Øby og ny siger(3-1) mot Mats Meinseth i semi, i finalen blir det tap 1-3 for Jon-Martin Soo Hansen, men ein glimrande 2. plass. Sundag starta med gutar 15 år, Thomas vant enkelt pulja, Jan Roger vinner pulja etter 3-2(11-9 i 5.sett) mot Benjamin Hatlebakk, Morten er direktekvalifisert til sluttspel,i sluttspelet vinner Thomas ein fin 3-1 siger mot Jack Feng, og pressar Edvard Stokke Brandtzæg til 5 sett(er 5-5 i avgjerande), men taper 2-3,Jan Roger taper 1-3 for Finn Vetvik, Morten taper litt overraskande i 2. runde for Sondre Grindheim Berner. Herrer open, Roger vinnar pulja greit, Georg nr 2 etter tap for Victor Horgen, sluttspel Georg taper 2-3 for Monika Perzyna første runde, Roger slår Marcus Wærstad 3-1 før han taper 1-3 for Lars Rønneberg i semifinalen, og denne gong hang ikkje Roger heilt med. Gutar 13 år der Thomas vinner, Jan Roger vinner pulja, Bård Skogen dukkar opp utrent, sliter litt i starten mot Patrik Maurstad(ligger under med 0-2 og 8-10), men vinner pulja etter å ha slått Erik Haug 3-0, sluttspel, Bård taper litt unødvendig etter tre jevne sett mot Aleksander Fransson, Jan Roger ledar klart i 5. sett mot Sigurd Sørheim, men taper 11-13 tilslutt, Thomas med fine sigrar mot Matin Rouhani, Ole Tobias Synstad på veg mot semifinalen, eldre junior, Georg direktekvalifisert, vinnner 3-1 mot Hågen Grini før da blir tap 0-3 for Vegard Sandberg i kvartfinalen, herrer B Atle nr 2 i pulja etter 3-2 mot Simon Simmenes og helgas andre tap for Odd Magnus Eidstø(0-3 denne gong)Morten nr 2 i pulja etter fin 3-0 mot Jan Sandberg og knepent 2-3 tapr for Atle Håvåg, sluttspel Morten vinner 3-1 mot Kjetil Korneliussen, men taper knepent 2-3(9-11 i 5 sett) for Odd Magnus Eidstø, Atle slår bl.a. Atle Håvåg 3-1 i kvartfinalen før det blir enkelt 0-3 tap i semifinalen for Pia Dyrkolbotn.
Til slutt må det leggast til at Etne og Skjoldar arrangerte eit glimrande norgescupstevne i Skakkehallen, alt gjekk etter tidsskjema, fine premiar, fin kiosk og behagelig og kjekke arrangørar, me gledar oss allerede til neste år.
Oppdatert : 21.10.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002