Småplukk frå den siste tida

Laurdag 14. september blei Laksevågkruset arrangert, 3 spelarar stilte frå Stord BTK, Thomas Låte vant både gutar 13 år og gutar 15 år, finalemotstandar i begge to var Benjamin Otto Hatlebakk, og Thomas vant 3-0 og 3-1. Thomas spelte og gode kampar i herrer C der han vant pulja, men tapte for Noah Erchinger frå Heros i sluttspel. Raymond Espenes tok ein fin 3 plass i herrer open etter å ha vunne mot bl.a. og Svenung Hartveit. Atle Irgens tok 2. plass i veteran, gjekk også vidare frå pulja i herrer open, men tapte for Christine Mettner, Fjell i kvartfinalen.

Tommy har slete med skadar lenge, men viste i Tsjekkiske opne at han er i bra slag, Tommy gjekk likegodt til topps i klasse 5

Laurdag 21. september var det regionssamling i bordtennishallen, der Thomas Låte, Steffen Salomonsen, Morten Stokke og Jan Roger Andersson deltok. Christine Mettner var trenar, Roger Andersson og Atle Irgens var sparring.

Steffen Salomonsen har vore på funksjonshemma samling i Oslo.
Georg Selsvold skal denne sesongen også spela i svensk seriespel. I helga var han og spelte to lagkampar. Her kan du lesa korleis det gjekk i helga:
http://www.cupassist.com/pa/serieoppsett.php?t=SBTF_SERIE_AVD2657&k=LS2657&p=1
Georg spelar for Heby/Runhãllen som tapte begge sine kampar i opningsrunden. Me satsar på at da går betre etterkvart


Georg
Oppdatert : 24.09.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002