Roger og Atle på Pinsecup på Hatlestrand

I går var da Pinsecup på Hatlestrand, eit flott stevne med 24 deltakarar og mange kampar. Stord BTK sine to (klart) ivrigaste Roger Andersson og Atle Irgens tok sjølvsagt turen. Roger vant som venta greit, sjølv om han gav frå seg sett til Atle i finalen. I semifinalen vant Roger over Håvard Markhus og Atle over Jack Feng, to greie sigrar. I dobbel blei para satt saman sånn at den høgaste ranka spelte med den med lavast rankingpoeng, den nesthøgaste med den nestlavaste osv. Dette var særs vellukka med mange gode og jevne kampar. Roger spelte med Zosia Ostrowska og Atle med Tora Aksnes-Øystese begge frå Hatlestrand. Atle/Tora gjekk greit til finalen, medan Roger/Zosia måtte slita meir. Finalen blei veldig jevn, der Roger/Zosia til slutt vant 16-14 i 5. og avgjerande sett. Absolutt ein ting som må gjentakast. Alt i alt ein veldig fin dag for bordtennis i Strand-Ulv hallen
Resultat Pinsecup Hatlestrand sundag 19. mai 2013 Arrangør: IL Strand-Ulv
Herrer open
1 Roger Andersson, Stord
2 Atle Irgens, Stord
3 Håvard Markhus, Hardanger
3 Jack Feng, Hardanger
5 Bjørn Wannberg, Skjoldar
5 Samsa Kohtala, Strand-Ulv
5 Geir Nonslid, Skjoldar
5 Lars Opheim, Hardanger
Semifinalar
Roger Andersson-Håvard Markhus 11-4,11-2,9-11,11-7
Atle Irgens-Jack Feng 11-6,11-4,7-11,11-5
Finale
Roger Andersson-Atle Irgens 11-9,12-14,11-3,11-5
B-Sluttspel
1 Terje Aksnes-Øystese, Hardanger 11-3,11-7,11-7
2 Sveinung Opheim, Hardanger
C-sluttspel
1 Brage Titlestad, Bergen HIL 11-7,9-11,12-10,11-8
2 Reidar Nerhus, Strand-Ulv
Herrer dobbel
1 Roger Andersson/Zosia Ostrowska, Stord/Hardanger
2 Atle Irgens/Tora Aksnes-Øystese, Hardanger
3 Terje Aksnes-Øystese/Brage Wannberg, Hardanger/Skjoldar
3 Samsa Kohtala/Vidar Korsnes, Strand-Ulv
Semifinalar
Andersson/Ostrowska-Aksnes-Øystese/Wannberg 12-10,16-18,11-8,12-14,11-9
Irgens/Aksnes-Øystese-Kohtala/Korsnes 11-8,11-7,11-9
Finale
Andersson/Ostrowa-Irgens/Aksnes-Øystese 10-12,11-5,9-11,11-7,16-14
Oppdatert : 20.05.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002