6 KM titlar til Stord

Bergen HIL arrangerte eit flott KM i Stemmemyren Idrettshall laurdag. Det blei 6 KM titlar på Stord BTK, Thomas Låte på bilde vant 3 klassar. I gutar 11 år var han heilt suveren vinnar. I gutar 13 år var det storeslem til Stord, då me hadde alle 4 spelarane i semifinalen. Thomas Låte vant med 3-2 i finalen over Bård Skogen, og også i semifinalen mot Jan Roger Andersson blei det 3-2 siger. Andreas Skjelnes tapte sin semifinale for Bård. Kanon laginnsats her ! I gutar dobbel blei det ny siger, ved Thomas Låte/Bård Skogen som vant over Noah Erchinger/Marius Dahl, Heros i finalen. Andreas Skjelnes/Jan Roger Andersson tok ein flott 3. plass. I handicap open gjekk Nils Arne Stuve til topps, med Jan Roger Andersson på fin 2. plass. Nils Arne vant puljefinalen med 3-2 mot Jan Roger. Roger Andersson vant som venta herrer elite enkelt og Raymond Espenes tok ein flott 3.plass. Roger gjekk også til topps i herrer dobbel saman med Raymond Espenes. To 3.plassar i dobbel, Atle Irgens/Jack Feng, Hardanger og Nils Arne Stuve/Jan Erik Støldal, Heros.
I herrer B blei det 2.plass på Raymond Espenes og 3. plass på Atle Irgens, begge tapte for Espen Løland. Nils Arne Stuve spelte seg fram til finalen i herrer D. I finalen klaffa det ikkje heilt, og det blei 0-3 tap for Roy Vidar Osan, Bergen HIL
Våre yngre (og eldre) leverte ein solid innsats under KM, med mykjer bra spel
Oppdatert : 02.12.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Veteran VM og KM arrangert laurdag 22. desember
Resultat klubbmeisterskap
Veteran VM og KM 22. desember
Resultat Stord Cup
Stord Cup 1. og 2. desember

www.stordbtk.no © 2002