5-5 i serieopning i 3. divisjon

Stord 2 spelte 5-5 mot Bergen HIL i 3.divisjon fredag kveld. Bergen HIL er favoritt til å vinna 3.divisjon, så me må vera fornøgd med 5-5. Me valgte å setja Morten Stokke oppe, så han skulle få best mulig kamptrening. Me vant alle kampane nede. Morten Kleven overbeviste med å slå rutinerte Thor Solheim(med anti) 3-0. Atle måtte slita mykje meir mot samme Thor Solheim, men drog det i land med 3-1. Både Morten K og Atle vant greit mot Bård Bergerud. Morten S spelte veldig bra oppe, og pressa Tomasz Marciniak til 5 sett, og var med å vinna dobbel nede i lag med Morten K.
Thomas spelte også bra, men mangla litt agressitet på slutten av kampane. Hadde 2-1 og 8-6 mot Raymond Bergås.
Neste serierunde er 17-18. november i Bergen
Oppdatert : 20.10.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002