Dei fleste statistikkar oppdatert

No kan du bl.a. sjå kva tid Thor Gunnar Bjelland var med i forbundsstyret. Gå til historie sida vår oppe i menyen.
Alle klassar er no oppdatert etter denne sesongen, både for resultat og statistikk over plasseringar.
Du kan også sjå kven som er æresmedlem i klubben, og kven andre som har utmerkelsar. Du kan også sjå kven som har vore med i styret kvart år sidan klubben blei stifta i 1974. Du kan sjå kven som har hatt tillitsverv i krets,region og forbund. Du kan sjå kven som har vore klubbmeister og Stord meister gjennom tidene i alle klassar.
Du kan og sjå kven som har spelt flest lagkampar for dei ulike lag gjennom tidene.
Her er med andre ord mykje god lesing for dei som er interessert i historien til klubben.
Da som gjenstår er statistikk samanlagt for alle single,dobbel og lagklassar, samt totalt for alle klassar.
Det vil også koma statistikk for Topp 12, som no er blitt Topp 8, samt ein oversikt over alle NM medaljane. NM medaljane ligg i dei respektive klassar, men det kan vera greit å ha dei for seg sjølv i tillegg.
Dette kjem vonleg i løpet av sumaren
Oppdatert : 13.07.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002