Gull og sølv under første dag av veteran NM

Det blei sølv i lag for Stord under veteran NM laurdag, i dobbel tok Roger gull i lag med Henning Waldeck, Fjell.
På sølv laget til Stord, spelte Roger Andersson, Per Wilhelm Irgens og Atle Irgens.
I 1.runde blei da 3-0 over Drammen. Atle var jevnast då han vant 13-11 i 5.sett over ein svensk spelar, Roger og Per W vant greit sine kampar.
I kvartfinalen mot B-72 sitt 2. lag tar Roger greit to kampar, Atle er like jevn, men taper no 9-11 i 5.sett for Rickard Sillen. Per Wilhelm spelar sikkert mot Steinar Nilsen og vinner 3-1, og dermed 3-1 siger til Stord.
I semifinalen var Laksevåg favorittar. Roger tar igjen 2 enkle kampar(A.Hovden og C.Ibenfeldt), Per W taper som venta greit mot Christian Ibenfeldt Atle spelar mot Espen Løland i den avgjerande tredje kampen, det blir nok ein kamp som går over 5 sett, dårlig start på 5 sett for A.I., ligger under med 0-4, kjem tilbake til 6-6 før Espen Løland går opp i 9-6, når da ser som mørkast ut hentar A.I. seg inn igjen, reddar ein matchball og drar inn to loopar frå langt nede i hjørna og vinner 12-10, og 3-1 ti l Stord.
Finalen mot B-72 blir som venta hard, men Stord gir seg ikkje utan kamp. Vår fantastiske super swede tar nok ein gong to kampar, og kampen mot Raymond Gonzales var av høg klasse. Atle taper enkelt for Raymond, Per Wilhelm skal ut i den viktige kampen mot Eivind Onsum, kjempar seg til ein 2-1 leiing, men får ikkje spelet til i to siste sett og taper 2-3. Atle må ut i 5 kamp på stillinga 2-2, tar overraskane første sett mot Victor Horgen, taper så enkelt to sett, før det blir eit jevnt 4 sett som Victor Horgen vinner. Dermed ein flott sølv i lag for Stord.
I dobbel 50 år spelar Atle med Svein Nessøy,Fjell, saman har dei 4 medaljar i veteran dobbel frå før, men i år blir det ingen suksess og tap i første runde. Roger spelar 35-49 år dobbel i lag med Henning Waldeck,Fjell. Dei spelar ei svært god turnering, vinner ein hard semifinale 3-1 over Roy Høyland/Bent Hovden, Stavanger. Finalen blir ein god kamp frå begge par med mykje underhaldande spel. Roger og Henning held hovudet kaldt på slutten og vinner 3-1 og nytt gull til Stord.
Sundag er det single 40 år for Roger og single 50 år for Atle, me går for fleire medaljar til Stord
Oppdatert : 21.04.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002