Stord klar for 1.divisjon

I helga gjekk siste serierunde i 2.divisjon, og Stord sitt førstelag vant alle sine 4 kampar, og er dermed klar for 1.divisjon. Roger Andersson, Tommy Urhaug, Thomas Irgens og Erik Berge Saue vant 7-3 mot Sarpsborg 2, 7-3 mot Larkollen,10-0 mot B72 4, og 10-0 mot Kjelsås 2. Dermed gjekk Stord gjennom serien med 14 strake sigrar og var 9 poeng før nr 2 på tabellen.
Stord 2 med Georg Selsvold,Raymond Espenes, Morten Stokke og Morten Kleven vant 8-2 mot B72 4,uavgjort 5-5 mot Kjelsås 2, 1-9 tap for Sarpsborg 2 og 2-8 tap for
Larkollen. Dermed havna Stord 2 på 7.plass og det betyr nedrykk til 3.divisjon.

I 4.divisjon vant Stord 3 med Nils Arne, Andreas, Amanuel og Jan Roger 6-4 mot Stavanger 4. Stord 4 har ein kamp igjen mot topplaget Etne og havnar mest sannsynleg på 4.plass og held plassen i divisjonen. I 5 divisjon vant Stord 4 med Tony, Thomas L. og Thomas A 6-4 over Etne 2, medan Stord 5 med Kjetil, Karl Johan og Johan spelte uavgjort 5-5 mot Etne 2. Det var siste runde i 5.divisjon for våre to lag som har greidd seg bra i debutåret. Stord 3 blir nr 3 eller 4, medan Stord 5 hamna på 6. plass av 8 lag. Neste år må målet vera å kjempa om opprykk
Oppdatert : 12.03.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002