Kongepokal nr 11 til Geir Erlandsen sundag !!

Geir vant gull i herrer single sundag, Tommy vant gull i sitjande single + fleire andre medaljar unde dei to siste dagane av senior NM.På bildet ser me dei som vant lag på fredag(om du ser ekstra godt etter, kan du også sjå ein nøgd bronsevinnar i bakgrunnen)
Laurdag var det herrer dobbel, der Roger og Geir kom seg greit til semifinalen. Der møtte dei Eric Berner/Raymond Gonzales. Roger og Geir kom dårlig ut og tapte to jevne sett, før dei utlikna til 2-2, men i 5.sett gjekk det diverre dårlig denne gong og tap 5-11, og dermed blei det bronsemedalje.
I funksjonshemma open klasse blei det to medaljar til Stord, Tommy gjekk fram til finalen etter å ha slege ut Nils Arne i semifinalen, som då tok bronse. I finalen opna Tommy godt og vant første sett mot Andreas Aulie, men Andreas kom sterkt igjen og vant 3-1. I herrer B var det Erik som gjorde det best med ein flott 5.plass etter 1-3 tap for Aleksander Hoel. Erik hadde ein hard kamp mot Harry Nilsen, der han vant 12-10 i 5. og avgjerande sett.

Sundag var det klart for singleklassar. Tommy starta herrer elite på laurdag, og tok ein flott 3-2 siger mot Hogne Jørgensen etter å ha lege under med 0-2. Tommy tok også første sett mot Marcus Wærstad, men tapte tilslutt 1-3. Roger vant greit 4-0 mot Sjur Pettersen i 8-dels finalen, møtte så Eric Berner, kom under med 0-2 før han gjekk opp i 3-2 leiing. Fekk ein god start med 2-0 i 4.sett, men fekk det ikkje heilt til og tapte 3-4. Geir starta med Lars Rønneberg i 8-dels finalen og gjekk fort opp i 3-0, men tapte så eit veldig jevnt 4.sett med 15-17, og tapte ogs neste sett. Når så Lars Rønneberg gjekk opp i 6-3 i 6.sett begynte me å bli urolige, men Geir avslutta 4.sett forrykande og vant 11-7.
I kvartfinalen spelte Geir bra og vant greit 4-0. I semifinalen stod ein hyperoffensiv Wang Bing på andre sida. Bing tok første sett, men Geir hadde bra server mot Bing og tok dei neste 4 sett. Dermed var det klart for finale mot Espen Rønneberg. Geir tapte finalen mot Rønneberg for to år sidan, og det var tippa at dei skulle nå finalen i år og.
Geir tapte første sett, men tok så 3 rake og leia 8-5 i 5.sett og alle trudde at no var løpet kjørt. Men Espen kom igjen og utlikna til 3-3. Geir starta 7.sett med å gå rett opp i 5-0, Espen kom igjen og på stillingen 7-5 til Geir, måtte Atle og Nils Arne kjøra til toget, og møtte ein svært nervøs Johnny Puma på utsida, han torde ikkje sjå på. Toget blei nådd med 1 minutts margin, medan Geir kjempa vidare. Geir fekk 10-8 og to matchaballar, men Espen kom igjen og fekk matchball både på 11-10 og 12-11, før Geir avgjorde med 14-12.
I funksjonshemma vant som venta Tommy nok ein gong, medan Nils Arne tok bronse nr to då han gjekk til semifinalen i ståande klasse.
Alt i alt ei god helg for oss, med 3 gull, 2 sølv og 3 bronse
Oppdatert : 05.03.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002