Mykje aktivitet i helga

I helga er det Topp 8 i Oslo, der Roger,Erik,Georg og Morten S er kvalifisert. Det er 4. og 5.divisjon i Stavanger, og Steffen(her i ein litt yngre utgåve) debuterer internasjonalt.
I topp 8 i Fornebuhallen har alle våre 4 spelarar mulighet til å kjempa på øvre halvdel, Roger i senior, Georg i 15 år, og Morten og Erik i 13 år.
Følg med på www.bordtennis.no for resultater
For Steffen blir det ekstra stas når han skal debutera på internasjonalt funksjonshemma stevne, Malmø Open, her er heimasida til turneringen, forhåpentligvis oppdaterer dei i løpet av helga: http://www.malmo-open.com/
I Stavanger er det serierunde i 4. og 5. divisjon. Stord 3 stiller eit ungt lag:Andreas,Jan Roger og Amanuel skal møta Stavanger 4. I 5.divisjon skal Stord 4 med Tony, Thomas L. og Thomas A møta Stavanger 5 og Stavanger 6. Det samme skal Stord 5 med Karl Johan, Johan og Tomine.
Det blir hard motstand for våre spelarar, men forhåpentligvis kan dei få spelt nokre gode kampar. Thomas Låte feirar 11 års dagen med bordtennis i Stavanger, me gratulerer med dagen
Oppdatert : 10.02.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002