Erik spelar EM for ungdom i Russland

Fredag startar årets ungdoms EM som går i Kazan i Russland. Erik Berge Saue er med på det norske gutelandslaget.
På lag med Erik, spelar Aleksander Hoel og Bendik Brekke Thorfinnsson, begge Fokus.
Norge stiller med eit ungt lag, og målet er å vinna ein eller to lagkampar. For Erik sin del blir det viktigaste å ha det gøy, samt å ta til seg all lærdom han kan få. Erik har enda to år igjen i denne klassen, og vil nok møta hard motstand. Norge møter Sveit, Kviterussland og Montenegro i innleiande pulje
Følg med på www.bordtennis.no for resultater. Du kan også følgja med heimasida til arrangøren: http://www.kazan2011.net
Når du kjem inn der, velger du engelsk flagg oppe til høgre.
Me ønskjer Erik lukka til i EM, og håpar han kan overraska
Oppdatert : 14.07.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002