2 klassesigrar i lagcupen og me vant samanlagt

Tredje og siste runde i lagcup for yngre blei arrangert på Stord laurdag. Erik og Georg vant 15 år, Morten og Amanuel 13 år, og Kristoffer og Thomas på bilde tok 3 plass i 11 år.
Stord blei beste klubb samanlagt denne sesongen, og dermed får me eit klubbtilskot på kr 7000,- frå regionen. Bra innsats av alle som var med og deltok på alle tre rundane.
I 15 år vant som forventa Erik og Georg, men begge måtte sjå seg slått av Sveinung Hartveit. I gutar 13 år vant Morten og Amanuel klart alle lagkampane. Morten vant som forventa sine kampar lett, og var med på å hjelpa Amanuel som fulgte opp med å vinna alle sine kampar, og slå spelarar han har tapt for før. I gutar 11 år blei det mange jevne kampar på Kristoffer og Thomas, og dei enda tilslutt på ein flott 3.plass etter bra spel. I nybyrjarklassen var det eit lag frå Heros som vant klart, mens det var stor kamp om dei neste plassane for Stordspelarane. Tilslutt var det Johan Drange og Karl Johan Bore Bjølgerud som tok ein flott 2.plass. Kampen om tredjeplassen blei svært jevn, men Tor Audun Saue og Benjamin Wold Bergstø vant ein spanande kamp med 3-2 over William Bekkenes Hansen og Einar Breirem.
Også Jørgen,Martin,Tomine,Leonardo,Torbjørn,Ludvik og Andreas spelte godt, og var med å bidra til samanlagtsigeren for Stord BTK
Oppdatert : 08.05.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002