Andre dag av NM blei Steffen sin store dag med 3 gull

3 gull til Steffen og fleire andre gode plasseringar på andre dag av NM. Steffen vant greit både ståande single og open single for funksjonshemma. Fin bronse til Bjarte i open single, sterkt å slå ein ståande spelar. I funksjonshemma dobbel blei det eit flott gull til Steffen og Bjarte, som viste fint taktisk spel mot to ståande spelarar.
Gutar 13 år hadde me store forhåpningar om minst finaleplass. Det gjekk ikkje så bra som forventa. Morten rauk overraskande ut 2 rundar før kvartfinale for Edvard Brandtyzæg, Georg måtte gje tapt for Jon-Martin Soo Hansen,Sarp etter å ha ledda 2-0 i sett og 5-2 i 5.sett. Erik går greit til kvart, der han spelar sin beste kamp for helga når han slår Ryan Doghman, men er tilbake utanfor sporet i semi mot Alexander Hoel, så det enda opp med ein 3.plass. Me må ha lov til å sei at me ikkje var heilt fornøgd med plasseringane i gutar 13 år. I gutar dobbel heva Erik og Georg seg kraftig, og spelte veldig bra i lag. Kvart mot Marcus Wærstad og Pål Arne Røsdal var svært tett og spanande og det var bra å sjå når matchballen blei slått inn. I semifinalen var Erik Doval/Eskild Jørgensen motstandar og me rekna med at me ikkje hadde sjanse der. 3-11,3-11 i dei to første setta, alt etter programmet, men så forsvant respekten og Erik/Georg viste kjempebra spel og tok dei ot neste setta.
Når dei så gjekk opp i 2-0 i 5.sett, begynte me å lura på om dei hadde planar om finale, men Doval/Jørgensen kom sterkt igjen og vant 11-6. Uansett var det veldig bra spel i dobbel og ein fortjent bronsemedalje. Morte S spelte saman med Jonas Myklebust og leverte gode kampar. Spesielt sterk siger mot Ryan Doghman og Jonas Grini. Våre andre spelarar spelte også bra denne dagen
Oppdatert : 30.03.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002