Overbeviande siger i 3.divisjon mot Haugesund

Stord 3 vant 8-2 i toppoppgjeret mot Haugesund i 3.divisjon i går. Erik overbeviste ved å setja veteranen Øystein "Keegan" Strand på plass etter ein veldig jevn kamp. Keegan vant dei to første sett jevnt, og rota vekk 5 matchballar totalt. Erik tok også ein flott enkel 3-0 siger mot Per Bohman. Atle tapte også to jevne sett for Per, og låg under med 0-2, men kom sterkare utover kampen og vant 3-2. Keegan har Atle aldri tapt for, og heller ikkje i dag. Thomas vant sine to kampar veldig greit. Georg vant enkelt 3-0 mot Andreas Johansson, sist blei da tap i ein jevn kamp, så fin framgong. Georg var også på gang mot den sterke Latvier Jonas Norkus, men tapte til slutt 1-3. Atle/Thomas som normalt sett er eit sterkt dobbelpar, spelte under pari og tapte 2-3 for Jonas /Andreas , mens Erik/Georg vant 3-1 mot Per/Idar, og sørga dermed for at Idar fekk sitt første dobbel tap for sesongen. Stord 3 er fortsatt utan poengtap og det skasl mykje til for at det ikkje blir opprykk til 2.divisjon
Oppdatert : 19.01.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002