4 poeng i eliteserien i helga

Det blei 4 poeng på dei 3 kampane i eliteserien i helga. Me er fortsatt inne i sluttspelet, men sjansen for eventuell heimakamp rauk nok i helga. På bilde frå venstre:(Roger Andersson, Jimmy Ojakangas,Hampus Nordberg,Johan Lundstrøm)
Me hadde forsterka laget med den svenske landslagsspelaren Hampus Nordberg og Johan tok derfor på seg rollen som lagleiar. Resultater frå kampane står på heimasida, så me går ikkje gjennom dei ein gong til. Me vinner ein jevn kamp mot Laksevåg,ein klar siger mot Eiker, og taper jevnt mot Modum. Modum stilte med tidligare verdensmeister Fredrik Håkansson, og me satte laget opp taktisk, der me prøvde å vinna dei 3 andre kampane. Hampus som ellers spelte bra, fekk det ikkje heilt til mot ein god Wang Bing og tapte litt uventa. Når alle trudde løpet var kjørt leverte Roger ein knallkamp mot Fredrik Håkansson og leda 2-0 i sett og 9-5 i 3.sett, og så nerme var me egentlig siger i denne lagkampen. Fredrik Håkansson tok i bruk all sin rutine og holdt roen på slutten av 3.sett og greidde å snu kampen.
Totalt sett er me godt fornøgd med spel og uttelling i helga. Eliteserien i år er den med klart høgast kvalitet nokon gong, og at me er inne på sluttspelplass er bra.
Oppdatert : 13.12.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002