Tap for Modum siger mot Lørenskog

Det blei to jevne kamp også sundag i eliteserien. 2-3 tap for Modum og ein viktig 3-2 siger mot Lørenskog. Modum er seriefavoritt og me visste det ville bli hardt. Roger vinner mot Roar Blikken og Jimmy slår Wang Bing greit. Roger spelar bra mot Fredrik Håkansson og leiar 2-1 før det er stopp. Roger slår opp skaden i albogen og kan ikkje spela for fullt mot Lørenskog, taper difor overraskande 2-3 for Magnus Bolstad Holm, men vinner mot Andres Ljones. Johan spelar bra i denne kampen og slår Andreas Ljones enkelt, og vinner double saman med Jimmy greit og bergar to viktige poeng. Det viser seg at Sverige har tillatt at dei som spelar eliteserie også får spela eliteserie i Norge. Dette medfører at det blir enda meir uforutsigbart i eliteserien i Norge, i helga var fleire eliteseriespelarar frå Sverige på plass. Stord ligger på 4.plass og ser ut til å kunne ta den siste plassen i sluttspelet, men med disse nye reglane veit ein aldri kva lag dei andre kjem med, så ingenting er sikkert
Oppdatert : 01.11.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002