Hallvard på veg til Volda og Ørsta BTK

Me har lenge visst at Hallvard ikkje skulle spela eliteserie, då han har valgt å spela i tysk 4.divisjon. No har Hallvard skreve under for den nye 4. divisjons klubben Volda og Ørsta med Tor Hallaråker i spissen, og vil ventelig vera klar for klubben i slutten av august. Dei må tydelegvis ha ein rik onkel som spyttar i pengar.

Om Hallvard, som fortsatt skal bu og trena i Oslo, hadde meldt overgang til ein av dei store klubbane i nærheten av Oslo ville det vore ganske naturlig, men det vil nok overraska dei fleste i norsk bordtennis at han velger Volda og Ørsta.
Hallvard sin avgong frå Stord vil få minimalt å bety for klubben. Me har for lengst fått ein ny og betre spelar som erstatning i eliteserien, sidan me tidlig visste at eliteseriespel var uaktuelt for Hallvard. Hallvard har heller aldri gitt noko tilbake til klubben i form av sparring av våre yngre spelarar, så vår satsing på våre yngste lider heller ingenting av overgangen. Me undrar oss vel mest kva Volda og Ørsta skal bruka Hallvard til, ikkje har dei noko serielag han kan spela på og heller ikkje noko lag i senior NM, hvis dei då ikkje kjøper enda to nye spelarar. Og noko sparring av yngre spelarar kan jo heller ikkje bli aktuelt der.
Me ønskjer Hallvard lykke til i noko som kanskje blir den nye storklubben i norsk bordtennis om nokre år, det vil berre tida visa.
Oppdatert : 17.07.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002