3 gull, 1 sølv og 4 bronse til Stord i NM for yngre

Me er godt fornøgd med innsatsen i NM for yngre i helga.
Erik tok gull i gutar 11 år single etter ein hard finale mot Fredrik Meringdal,Hjelset-Fram der han vant 3-2. Morten fulgte fint opp med ein flott bronse, etter tap for Fredrik Meringdal. Erik og Morten gjekk heilt til topps i gutar 11 år double og vant overbevisande denne klassen. i gutar 11 år lag var dei klare favorittar, men tapte i semifinalen 2-3 for Eiker i ein jevn kamp.
I funksjonshemma forsvarte Steffen gullet frå i fjor og vant suverent. Aleksej og Bjarte spelte også bra og fekk sølv og bronse.
I gutar 13 år med 110 deltakarar fekk Ingvar ein flott bronse medalje etter 1-3 tap for Ryan Dogman,Fokus i semifinalen. Georg og Erik fekk begge 5.plass.
Anne-Margrethe spelte veldig godt i jenter 15 år single, slo ut Marie Hartveit,Heros med 3-1, det var sterkt etter at Marie vant pulja si ved å setja 2 gode spelarar på plass. Anne-Margrethe spelte 2 gode sett mot Anna Grutle Aasebø,Fokus i kvartfinalen, skulle tatt første sett, og då kunne det blitt jevnt.
I lag 15 år gjorde Stord 1 med Ingvar,Georg og Morten det bra, spelte seg fram til kvartfinalen der det blei 1-3 tap for Heros, men me hadde sjanse der. dei vant neste plasseringskamp mot sterke Heddal og tok ein flott 5.plass. Stord 2 med Steffen,Marius og Christian, tapte 1.runde mot finalist Molde, men tok deretter 4 strake sigrar og fekk ein flott 17.plass Me hadde 4 lag i gutar 15 år og 5 lag i gutar 11 år, og dei andre nådee ikkje heilt opp denne gong, men viste god innsats og fekk verdifull erfaring med seg.
I dei andre klassane fekk me ingen plasseringar i toppen.
Me hadde 26 spelarar med i NM, og med så god bredde, samt spelarar i toppen i 11 og 13 års klassane, lovar det bra for framtida til klubben
Oppdatert : 15.03.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002