Nytt om seriespel

Fredag i forrige veka vant Stord 3 med 7-3 over Hardanger, onsdag er det kamp i 4.divisjon.
Stord 3 stilte denne gong med Thomas,Per Steinar,Erik og Ingvar, samt Atle som steppa inn i double. Hardanger stilte med heilt toppa lag, med tidligare storspelar Toralv Tolo,Vegar Ljones,Håvard Markhus og Eirik Vevatne og Hardanger var knapp favoritt før kampen. Thomas starta dårlig mot Vegar, tapte første og låg under med 0-5 i andre, men derifrå og inn var det einvegskjøring. Ingvar hang godt med mot Håvard, men tapte.1-1. Per Steinar mot Toralv og Erik mot Eirik, to viktige kampar. Både Pesen og Erik spelte heilt på topp og begge vant 3-0 med store siffer.3-1. Atle steppa inn i double, utan umiddelbar suksess,A.I. og T.I. låg under med 0-2 for Toralv/Eirik, men snudde kampen og vant. Erik/Pesen førte heile tida mot Håvard/Vegar og vant 3-1.5-1 i lagkampen. Både Thomas mot Toralv og Per S mot Vegar går greit 3-1 og 3-0.7-1 i lagkampen. Erik går kjapt opp i 2-0 mot Håvard, men Håvard kjem igjen og vinner kampen 9-11 i 5 sett. Ingvar spelar 3 jevne sett mot Eirik, men taper.7-3 til Stord 3. Godkjent av alle.
I dag er det kamp i 4.divisjon mot Haugesund. Stord 4 med Georg, Christian og Marius får det knallhardt. Haugesund er beste laget i divisjonen og er klare favorittar. Klarar me ein siger her er det bra !
Oppdatert : 09.12.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00
Resultat Vestlandsmeisterskap for veteranar 2017
Resultat veteran KM 2017
Innbydelse veteran KM og VM

www.stordbtk.no © 2002