Norges Cup Molde søndag

Det vart ein tidleg start på dagen i Molde i dag, allereie klokka kvart over åtte var me i hallen. Gutane starta med puljespel i gutar 15, Georg sjokkopna og leia 2-0 i sett over Jørgen T. Johansen før Jørgen skjøna alvoret og vann 3-2, desverre. Etter 2 tap i pulja gjekk ikkje Georg vidare. Samme med Erik 2 klare tap og ein siger var ikkje nok til å gå vidare. Morten derimot ser ut til å vera vant med å starta tidleg på søndagen og gjekk vidare frå pulja med 2 sigra. I første kamp i sluttspelet møtte Morten Sverre Hartveit frå Heros, 3-1 tap etter bra spel, men desverre ute han også.
Så var det gutar 13 år og der hadde me større forventningar etter gårsdagen, desverre skulle da visa seg at det ikkje stemte. Alle lett vidare frå puljespelet, men for Georg og Erik vart da stopp allerede i første kamp i sluttspelet, Georg tapte for Bendik B. Thorfinson mens Erik tapte for Fredrik Meringdal. Morten vant over Morten Aaserud, Kobra før Fredrik Meringdal venta i kvartfinalen, men også for Morten vart desverre Fredrik, som seinare tapte finalen for sterk. Då enda me med 2 niende plassar og ein femte plass. Utifrå forventningane til gutane i går kved var nok dette litt i underkant.
Oppdatert : 29.11.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002