Eliteseriekampar fredag og laurdag

I morgon fredag og laurdag er det nye kampar i eliteserien.
Det er svært viktige kampar for Stord med tanke på sluttspelet. Alle kampane går i gymsalen på Sagvåg Skule, og det er Stord-Modum som er først ut fredag kveld kl.18.00
Laurdag er det Leirvik-Laksevåg kl.12.00, mens kampane Stord-Laksevåg og Leirvik-Modum går samstundes kl 17.00
Etter den svake starten i første samlerunde med tap for Høyenhall er det viktig for Stord å ta poeng no. Spesielt kampen mot Laksevåg blir viktig, her hadde det vore bra med 2 poeng. Modum som vart rekna som klar favoritt, gjekk på eit overraskande 0-4 tap for B-72, og det viser at dei ikkje er umulig å koma på talefot med. Begge våre svenske spelarar stiller denne helga, Johan Lundstrøm for Stord og Vanja Arsenovic for Leirvik. Leirvik må klara seg utan Tommy som er på prøve VM i Korea, og vert litt svekka. Laga våre i helga blir: Stord: Roger Andersson, Johan Lundstrøm og Hallvard Fjell
Leirvik: Vanja Arsenovic, Thomas Sætre, Raymond Espenes
Me håpar medlemene våre møter opp og ser på
Oppdatert : 12.11.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002