4 klassesigrar sundag under Siddistreffen

Med 4 klassesigrar sundag og 6 totalt, blei Stord BTK også i år den klubben med flest klassesigrar.
Her er eit kort referat frå sundag:
Veteran 35:Roger Andersson vant som venta enkelt veteran, Atle kom på 3 plass
Herrer C: Ikkje noko suksess for oss i år
Jenter 15 år: Anne-Margrethe vinner klassen etter ei jevn pulje der det blei sett teljing. Spelte litt opp og ned, men veldig bra på det beste
Gutar 13 år: Ein veldig god klasse for Stord, Ingvar vinner klassen etter 3-2 i finalen mot Sveinung Hartveit,Heros. Det var 4 jevne sett og ein nervøs far Lars Gunnar på tribunen. Ingvar fekk klar beskjed etter 4 sett at dette tålte ikkje faren, og gjorde kort prosess i 5 sett og vant med imponerande 11-0 ! Semifinalen blei enda meir spennande, Ingvar låg under med 7-9 i 5 sett, men spelte veldig godt på slutten og vant med 11-9. Erik fekk ein fin 3 plass etter eit jevnt 1-3 tap for Sveinung Hartveit. 5 plass på Georg også etter tap for Sveinung,9 plassar på Morten Kleven,Morten Stokke og Steffen Salomonsen. Morten tar sett mot Sveinung Hartveit,Morten taper 1-3 i jevn kamp mot Georg,Steffen spelar ein veldig god kamp mto Erlend Skeie Liland, og tapar med knappast mulig margin 11-13 i 5 sett
Herrer A: 5 plass til Thomas Sætre etter 2-3 tap for Pål Thon Korsgår,Modum, Thomas spelar ein kanon god kamp i runden før, der han vinner mot Christine Mettner,Fjell. Christine Mettner har spelar i høgaste serie i Tyskland, og er sannsynlegvis den beste damespelaren i Norge for tida.
Damer junior: 2.plass til Anne-Margrethe og i denne klassen spelar Anne-Margrethe veldig bra i mange kampar. Tar sett mot sølv vinnar frå senior NM i fjor,Anja Esketveit, i finalen. Vinner også 3-0 i alle kampane fram til finalen, mot spelarar som hu har spelt jevnt med før
Herrer junior: 2. plass til Thomas I, etter ein litt kronglete start i pulja går han vidare som 2 mann, møter så landslagsspelar Gaute Grov, spelar veldig bra og vinner 3-2, vinnar greit 3-1 i semifinalen mot Sverre Hartveit. I finalen mot nr 1 på juniorrankingen, Eskil Lindholm,Fokus henger han godt med i 1 sett, pluss i deler av dei to neste sett.
Gutar 12 år: Dette blir Stord sin klasse, Erik vinner finalen 3-2 mot Martin Falang,Modum, Erik er klart best, og kampen var ikkje så jevn som sett resultat tilseier. Morten og Georg følger fint opp med å dela 3 plassen, Morten går enkelt til semifinalen, Georg får litt hardare motstand mot Simen Mykland,Modum, men vinner greit.
Nybyrjarklassen:Benedicte Teigen og Jan Roger Andersson er våre deltakarar, begge spelar bra kampar sjølv om dei ikkje går vidare, og får verdifull kamptrening.
Herrer junior rekrutt: Alle våre 4 spelarar, Morten RK,Christian,Steffen og Ingvar går vidare frå puljene etter bra spel, me må trekka fram Morten Kleven som slår vinnaren av klassen, Sveinung Hartveit i pulja. Ingvar og Morten ryker ut i 8 dels finalen etter jevne kampar, Christian får ein fin 5 plass etter tap 1-3 i ein jevn kamp mot vinnaren Sveinung Hartveit. Steffen blir vår bestemann med ein flott 3 plass. Steffen er totalt sett den av våre spelarar som gjer størt framgong under stevnet, han vinner mange bra kampar, og er også nære på i fleire andre. Denne klassen, herrer junior rekrutt er ein veldig fin klasse for våre yngre spelarar, det er bortimot 20 spelarar som kan vinna klassen, inkludert våre 4, så her er den den som har dagen som vinner.
Totalt sett eit veldig bra stevne for oss, der alle spelarane frå klubben som deltek gjer ein god innsats, og spelar mange gode kampar. Me blir igjen beste klubb, og Stavanger arrangerer eit godt stevne. Neste år håpar me på at dei drøyer starten til kl.10.00. Me satsar uansett hardt på Siddistreffen neste år også, og håpar at enda fleire av våre nye spelarar kjem til å delta då.
Det blei også ein veldig sosial kjekk tur med overnatting i luksuhytter(til ein rimelig pris) på Åmøy Fjordferie, i lag med Hardanger BTK.
Uheldigvis blei Marius plutselig sjuk laurdag morgon, og måtte reisa heim, me håpar han snart er tilbake for fullt
Oppdatert : 09.11.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002