Mange nye yngre i Stord BTK

Effekten av utebord og satsing på bordtennis i skulen har gitt oss mange nye spelarar i haust.
Jan Anders(bildet) har treningar 2 dagar i veka for ein del av dei nye. Me har også ansatt Håvard Markhus som er på Stord kvar tirsdag og onsdag. På Rommetveit Skule har me trening kvar tirsdag rett etter skuleslutt kl.11.50. Her er det ei gruppe på 16 spelarar. Dei får i neste veka tilbud om å koma ein dag i bordtennishallen i tillegg. Det er også planar om å starta ei ny guppe på Rommetveit Skule. På Leirvik Skule Har Håvard og Atle kjørt eit opplegg med 5.,6. og 7. klasse i skuletida. Kvar klasse på dei 3 nevnte nivå får 3 doble timar med bordtennis i bordtennishallen. Skulen ligger 500 meter frå hallen og elevane går opp og ned. Her er det mange ivrige og rundt 25 jenter og gutar er starta opp på kveldstid, og det kjem nye spelarar kvar veka. Me har allerede fått 10-15 spelarar frå Sagvåg Skule(flest jenter). Her er det Laila Teigen (mor til Christian) som har gjort ein flott jobb med å dra med seg elevar. Neste veka startar me opp treningsgruppe i gymsalen på skulen. Me startar med ein dag i veka, men om interessen vert stor, så utvidar me til 2 dagar. Grunnen til at me har hatt mulighet til å satsa stort på rekruttering, er som nevnt at me har ansatt Håvard Markhus i 2 dagar, samt at Jan Anders Sørheim har tatt to dagar, og Jan Anders får meir og meir tak på organiseringa av treningane. Han skal etterkvart få ein med seg av dei yngre spelarane. Så har me Thomas Sætre og Thomas Irgens som har ei gruppe ein dag i veka i forkant av sin egen trening. Som nevnt skal me også prøva å få i gong våre yngre spelarar til å dela på ein dag i veka på å trena nybyrjarar. A.I. er med i oppstarten av dei nye gruppene, men når me får disse nye gruppene skikkelig i gong, så kan A.I. sjølv ta eit par grupper.
Dette er også ein effekt av dei 6 uteborda me har fått av forbundet/sparebankstiftelsen DNB nord, som me har satt ut på skular. På alle skulane har rektor og andre lærarar blitt mektig imponert over at dei har fått borda gratis(til vanlig må dei sloss for kvar krona til sånne ting), og dei har sett kor populære borda har blitt blant elevar.
Me har også hatt stor suksess med å ha trening rett etter skuleslutt på den aktuelle skulen. Då er elevane på skulen og kan gå rett på trening. Me har også innført ein billig inngongsbilett til klubben, då alle får 1 nybyrjar racket og 3 ballar for kr 200,- og då er dei medlemer eit halvt år. 21. november kjører me eit skulemeisterskap, og det skal bli spanande å sjå kor mange som melder seg på.
Oppdatert : 16.10.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002