Fin helg i Notodden

Det blei ei kjekk helg i Notodden under Heddalspretten, med mange kampar og ein del fine resultater. Turen gjekk fint begge veier( med unntak av at Erling måtte ha ein ekstra vask i bilen pga litt spying), me låg på hytter begge nettene og fekk med oss 3 felles måltid på ulike plassar. Det blei ein klassesiger og det var Erik som vant gutar 11 år ganske greit. Erik fekk også ein 5 plass i gutar 13 år, etter eit jevnt tap i kvartfinalen. Spelar for snilt, må bli enda meir bevegelig og få litt meir killerinstinkt i spelet sitt. Thomas I får 3 plass i herrer B og 5 plass i herrer junior. Spelar ein del bra kampar, men blir veldig passiv i kampane mot Thomas Møller og Vegard Sandberg. Poaitivt for både Erik og Thomas S er at dei er veldig flinke til å vurdera skruv og spelar til tider bra taktisk. Thomas Spelar greit laurdag, men blir også veldig passiv mot Tom Buettner i herrer C kvartfinalen. Må vera betre forberedt enn i den kampen. Georg er den som er klart mest på hugget av våre spelarar. Opnar på alt som er langt, og jobbar og sliter bra i alle kampar. Spelar mange bra kampar mot gode spelarar og tar mange sett. Må bli litt meir tålmodig på enkelte ballar, men blir uansett ein frykta spelar når han klarar å følga opp med ein litt betre andreloop. Marius får ein fin 3 plass i gutar 15 år rekrutt, spelar jevnt med vinnaren Daniel Bergersen,Oppegård. Veldig fin og hard fh loop når han er i posisijon og bh satt også bra i helga. Må jobba med å koma seg meir ned i kne og bevega seg mellom slaga. Steffen får ein flott 2 plass i gutar 13 år rekrutt. Vinnar greit alle kampar før finalen, men taper ein jevn og spanande finale mot Alexander Hansen Ødegård,Jevnaker.
Blir ellers litt for forsiktig med bh, som gjer at han kjem litt bakpå for ofte, bør vurdera nytt truskap til nubbene. Sistemann var A.I., som ikkje gir seg sjølv godkjent så lenge han taper kampar i B. Spelar allikavel greit nok innimellom, men har vel muligens litt å henta på fotarbeidet...
Oppdatert : 14.09.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002