2 gull til Hallvard i junior NM i dag, gratulera !!

Hallvard slo til for fullt i dag, og tok gull både i single og double i junior-NM. Det var sjølvsagt ein litt usikkerhet omkring Hallvard etter eit lite feilskjer mot Vegard Sandberg i går, mange hadde nok fått tru på at det var mulig å slå ut storfavoritten. Hallvard spelte seg trygt og godt fram til semifinalen der Pål Francis Aarås frå Eiker venta. Hallvard levna ikkje Pål Francis noko sjanse sjølv om han tapte 3.sett (etter å hatt 2 matchballar). Det var mange overraskelsar i single i dag, og i finalen venta ein av dei. Noko overraskande hadde Pål Thon Korsgård frå Modum spelt seg heilt fram til finalen. Sjølv om Hallvard tapte eit sett, så blei det rein overkjøring frå Hallvard si side, med finalesiger 11-4,11-2,9-11,11-4 I junior double blei det nytt gull til Hallvard, saman med Lars Rønneberg,Kobra. Dei nådde finalen utan sett tap, i finalen blei det 3-2 mot Johannes Bratlie/Thomas Knive,Fjell/Eiker. Thomas og Jan Anders gjorde ein bra innsats i double og vant 1.runde mot Marcus Wærstad/Mathias Esteban,Fokus etter bra spel, dei hadde også 9-7 i 1.sett mot Aarås/Sandberg. I single blei det ingen suksess for dei to. Anne-Margrethe vant ein fina kamp i double med Caroline Nguyen,Randesund over Marie Hartveit/Linn C. Gjelseng, men tapte neste runde. Anne-Margrethe gjekk heller ikkje vidare i single, og Thomas/Anne-Margrethe tapte 1.runde i mix.
Me gratulerer nok ein gong Hallvard med 2 gull og satsar på meir metall sundag i eldre junior
Oppdatert : 18.04.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002