2 gull, 4 sølv og 2 bronse på avslutningsdagen

Stord gjorde som venta reint bord i funksjonshemma sitjande, det gjekk ikkje heilt etter planen i herrer single.
Dagen starta med at Geir var blitt sjuk i løpet av natta, og var ikkje heilt pigg. Roger og Geir vant lett i 1. runde. I kvartfinalen fekk som venta Roger hard motstand av Kristoffer Hellerud. Det blei ein kamp der Roger spelte bra store deler, men var litt uheldig på slutten av 6.sett, og fekk ein veldig dårlig start med 0-5 i 7.sett og det blei tap. Geir hadde fått opp tempo i kroppen, og vant enkelt 4-1 mot Espen Rønneberg. I semifinalen vant Geir også enkelt 4-1 mot Raymond Gonzales, og det såg lovande ut før finalen. Geir får ein dårlig start og ligger under med 0-3 etter 2 jevne sett tap, reduserer med 2 sett, men er sjanselaus i 6.sett og Wang Bing finner fortjent 4-2.
Som nevnt blir det full pott for Stord i funksjonshemma sitjande, og sjølv om det ikkje var allverdens deltakelse, er me veldig stolt over spelarane våre som gjer ein veldig god innsats og innkasserer viktige medaljar for klubben. Tommy vinner single, mend Bjarte på sølvplass og Palmar Olav og Ove på flotte bronseplassar. I double blir det gull til Tommy og Bjarte og sølv til Palmar Olav og Ove.
I ståande spelar Thomas seg greit fram til finalen mot Andreas Aulie, Fokus og vinner 1.sett, men så overtar Andreas og innkasserer eit fortjent gull. Steffen er nære på å gå til semifinale, vinner 1.sett mot Kåre Skorpen og taper knepent i 2.sett, men rutinerte Kåre kjem tilbake og vinner, men Steffen kan vera stolt over innsatsen
Oppdatert : 09.03.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002