3 gull til Stord BTK under 2. dag av NM

Heiter du Thomas og spelar for Stord, er da stor sjanse for at du tok gull i NM i dag. Me gratulerer fyrst Thomas Sætre med offisielt gull i ståande double saman med Andreas Aulie, sidan dette var offisielle NM klasse.
Disse to møttest også i finalen i handicap open, og mange trudde nok at Andreas Aulie skulle vinna nok ein gong, men Thomas hadde tenkt å selga seg dyrt i dag, og kjempa og spelte bra, og kunne til slutt slå inn matchballen med 11-8 i 5. sett. Dette var ein etterlengta siger for Thomas, og me håpar og trur at han er på god veg til EM i sommar.
Den siste sigeren kom i herrer B single der Thomas Irgens vant etter ein komfortabel 3-0 siger i finalen mot Sverre Hartveit, Heros Me gratulerer begge Thomas med flotte resultat. Det blei også ein fin bronsemedalje til Roger Andersson i herrer double, der han spelte saman med Martin Røste, Eiker. Bronse blei det også i herrer B double til Thomas og Atle etter eit kjedelig 1-3 tap i semifinalen for Sverre og Knut Johannes Hartveit. Bronse er greit, men det var gull som var målet
Ellers må me nevna at Anne-Margrethe leverte ein flott innsats i damer elite, der hu fyrst slo Helene Nesheim med 4-3 etter veldig bra spel. Mot Anna Grutle Aasebø, Fokus blei det tap 1-4, men fleire av setta var jamne, så absolutt godkjent av Anne-Margrethe.
Både Roger og Geir hadde w.o. til sluttspelet sundag i herrer elite
Oppdatert : 08.03.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Veteran VM og KM arrangert laurdag 22. desember
Resultat klubbmeisterskap
Veteran VM og KM 22. desember
Resultat Stord Cup
Stord Cup 1. og 2. desember

www.stordbtk.no © 2002